Lesing

Lesing er nøkkelen til kunnskap, og ei viktig oppgåve for skulen er å legge til rette for at barn kan utvikle seg til gode lesarar. Resultat frå PISA-undersøkingane viser at det er samanheng mellom det å vere glad i å lese og prestasjonane på skulen. Difor har leselyst ein sentral plass i skulen. For elevar med nynorsk som hovudmål er det spesielt viktig at dei får lese bøker på nynorsk. For å bli ein god nynorsklesar og -skrivar treng ein å lese mykje nynorsk.

Nokre råd for å skape leseglede:

  • Tips elevane om gode nynorsktekstar.
  • Ver ein aktiv rollemodell.
  • Snakk med elevane om tekstar og bøker du har sett eller lese.
  • Skap forventingar til bøkene.
  • Snakk om bøkene de har lese.

Fleire leseressursar

Gaa seg vill ikon
Tilpassa leseopplæring på 3.–6. trinn: Å gå seg vill

«Kva gjer vi om vi går oss vill i skogen?» heiter teksten i dette undervisingopplegget. Temaet engasjerer elevane, og oppgåvene legg opp til at dei skal lese og reflektere over emnet og bruke det dei har lært, i ulike kreative skriveoppgåver.  

Barneboktipset Oskar og eg ikon
La elevane lage podkast med boktips

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.  

Fluge ikon
Visste du at bananfluger likar å køyre karusell?

På framtidajunior.no finn du ei rekkje artige artiklar som passar godt å arbeide med i norsktimen. Her finn du tips til korleis elevane kan arbeide med artiklane. 

Kven blir vennen din ikon
Tilpassa leseopplæring: tekstar om kjæledyr

Tverrfagleg arbeid på 3. og 4. trinn med utgangspunkt i nynorske tekstar om kjæledyr.

Juni fargeikon
Eit år med lesemoro

Ark med leseutfordringar til elevane – eitt for kvar månad – som kan vere med på å bygge ein lesekultur og skape positive haldningar til lesing!

Kant ikon
Jon Fosse i barneskulen

Har du lyst til å lese Jon Fosse i barneskulen? Her er to undervisingsopplegg med utgangspunkt i barnebøker av Jon Fosse.

Ordkort ikon
Lesing, skriving, teljing og sortering

I denne ressursen skal dei yngste elevane få øve seg på å kjenne att bokstavar og å telje og sortere.

Les skriv teikn ikon
Les – skriv – teikn

I dette opplegget skal elevane trene på å avkode ord og setningar, finne meining i det dei les, og vise at dei har forstått det dei har lese. I tillegg får elevane øve på å skrive av ord og setningar.

Chris lawton c0r Ih0n FTFU kvadrat
Året vårt

Dette tverrfaglege opplegget har året som tema og tek føre seg månadene, årstidene, dyr, naturen og aktivitetar som ein knyter opp til dei ulike årstidene.

Instruksjonsteikning Liv 1000
Følg instruksjonen – ei leseforståingsoppgåve

I desse oppgåvene skal elevane få øve på leseforståing. Etter kvart som elevane les tekstane, skal dei teikne det dei les.

Korleis formidle
Korleis formidle bøker til barn?

Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus har nokre tips til dei som skal formidle bøker til barn.

Skummelt hus Liv ikon
Halloween på nynorsk

Her er nokre enkle lese- og skriveoppgåver i høve halloween. I tillegg får du tips om ulike meir eller mindre skumle bøker .

Mellomtrinnet Farge
Diplom

Her kan du laste ned diplom til bruk i leselystaksjonar.

Fagtekstlesing
Lesing av fagtekst

Ei god leseopplæring må leggje vekt på å utvikle dei språklege ferdigheitene til elevane.

Den Vaksne Mellom Boka Og Barnet
Film: Den vaksne mellom boka og barnet

Er du komfortabel med å lese høgt for elevane? Hege Holmquist Synnes gjev nokre døme på korleis ein kan lese høgt for elevar på mellomsteget.

Klart vi les 2015
Klart vi les!

Nynorsksenteret, Ivar Aasen-tunet og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har samarbeidd om å gje ut hefte i samband med Klart vi les! – nynorsk barnebokturné. Hefta inneheld forfattarintervju, formidlingsmetodar, boktips og anna.