Tilpassa leseopplæring: tekstar om kjæledyr
Tverrfagleg arbeid på 3. og 4. trinn
Kjæledyr er eit populært tema i barneskulen. Mange barn har eller drøymer om å ha sitt eige kjæledyr, og dei vil ofte vere interesserte i å lese om dyr og å lære om dei. Dei nynorske tekstane elevane skal lese her, handlar alle om kjæledyr, kva dei treng, kva dei likar og korleis dyr og menneske kan vere gode leikekameratar.
Det overordna målet i undervisningsopplegget er at elevane skal lese og forstå faglege tekstar. Dei skal utvikle leseferdigheitene sine, oppleve meistring og skrive faglege tekstar gjennom ulike kreative oppgåver.
Det er laga ein presentasjon i teksten som kan brukast i klasserommet når ein arbeider med tekstane og oppgåvene. Du kan tilpasse presentasjonen sjølv, slik at han passar for deg, klassen din og elevane dine. Vi anbefaler at du som lærar les inn tekstane som lydfiler til elevane. Då har dei elevane som treng det, lesestøtte når dei skal lese tekstane på eiga hand.
Vedlagt finn du ein presentasjon med forslag til progresjon, oppgåver og lesebestillingar.
To tekstar frå Norsk Barneblad
Tekstane er henta med løyve frå Norsk Barneblad. Illustrasjonane er laga av Trude Tjensvold
- Kortversjon av teksten «Kven blir vennen din?» (tilpassa elevar som strevar med lesing)
- To arbeidsark med lesebestillingar til teksten «Kven blir vennen din?»