Ei forteljing (med tilhøyrande kryssord) av Anna R. Folkestad om korleis ein kan lære seg å hoppe hoppetau. I alle fall viss ein er skikkeleg heldig og møter ei hoppetauhoppande ku på veg heim frå skulen.
Forfattarane Erna Osland, Asbjørn Rydland og Aina Basso har laga ei samling med små forteljingar. Tekstane ligg ute som brettebøker, slik at borna kan skrive ut ark og sjølve brette dei til bøker.
Denne bokstavforteljinga kombinerer utforsking av fjøra med utforsking av bokstavane. Her finn du heile boka som tekst på nett, som PDF til utskrift og som innlesne lydfiler. Boka er skriven av Erna Osland og illustrert av Inger Lise Belsvik.
Tid for ti er ein gratis, nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Utdrag frå ti nynorske bøker ligg ute både som lydfiler og tekst, og det finst oppgåver til alle utdraga.
På sida til tunkatten finn du forteljingar skrivne av forfattarar som Maria Parr, Lars Mæhle og Erna Osland. Forteljingane finst både i skriftleg form og som innlesne utgåver.
Har du elevar i klassen som treng lydbok? Denne lista viser 155 nynorske lydbøker for barn og ungdomar i NLB-biblioteket. På dei nyaste bøkene finn du peikar til omtale av boka på nynorskbok.no.
Sida Barnebøker for Norge gjer 40 forteljingar frå African Storybook tilgjengelege på dei største innvandrings- og flyktningspråka i Noreg, i tillegg til nynorsk og bokmål.