Utforsk språket
Gjennom å utforske språk får elevane setje ord på og bli bevisste sin eigen og andre sin språkkompetanse. Når elevane undersøker forskjellar og ulikheiter mellom talespråk, bokmål og nynorsk, får dei hjelp til å sjå kva som kjenneteiknar dei ulike språksystema. Språklege samtalar kan også hjelpe elevane til dette.
Her finn de undervisningsopplegg til undersøkande, språklege aktivitetar og samtalar.
Lag ditt eige språk
Elevane får utforske og bli kjende med strukturar i språk ved å dokumentere språket i det fiktive landet Laputia.
Arbeid med ordklassar
I denne ressursen skal elevane få jobbe med ordklassane substantiv, verb og adjektiv på ein kreativ og aktiv måte.
Orda i fotballverda
I dette opplegget nyttar ein orda i fotballverda som utgangspunkt for å snakke om språk og låneord.
Språksamtalar om boblene
Teikneserieformatet er fint å starte med når ein skal snakke saman om nynorsk tekst. I dette opplegget syner vi korleis teikneserien Superheltar av Kristoffer Lindseth kan vere utgangspunkt for språksamtalar om ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.
Nynorsk på 1-2-3
Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. Her kan du lære om verb, substantiv og anna du treng kunne for å styre unna vanlege skrivefeil.
Språkløyper: God start med nynorsk
I pakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk vil de få innsikt i kva opplæring på sidemålet inneber, og konkrete tips til korleis de kan arbeide med nynorsk som sidemål på mellomsteget. Språkløyper er ei nasjonal satsing på språk, lesing og skriving, og de står fritt til å bruke heile eller delar av kompetansehevingspakkane.
Å snakke saman om språk
Å utforske likskapar og skilnader mellom språk og dialekter aukar den språklege bevisstheita. Ta utgangspunkt i elevane sine tidlege språkerfaringar og sjå på mangfaldet som finst i klasserommet.
Springediktat
Springediktat er ein fartsfylt måte å lære nynorske ord på. Opplegget kan gjennomførast både inne og ute.
Dobbelkonsonant eller enkelkonsonant?
Opplegg der elevane får visualisere skilnaden på dobbelkonsonant og enkelkonsonant i ei teikneseriestripe.
Diftongar
Ein relativt systematisk skilnad mellom nynorsk og bokmål er at nynorsk har diftong i mange ord der bokmål brukar ein enkel vokal. Her finn du eit øvingsark der elevane kan arbeide komparativt med slike ord.
Setningsledd og ordklassar (pdf)
Lappar med setningsledd i ulike fargar som kan kopierast opp og klippast ut, slik at elevane kan setje saman setningar. Då har ein høve til å diskutere skilnaden mellom setningsledd og semantikk. Ei setning kan vere grammatisk riktig sjølv om innhaldet ikkje gjev meining. Setninga «Katten køyrer fårikål» er ei setning med subjekt, verbal og objekt, men innhaldet er ikkje semantisk rett.
Var det ein gong?
Teikneserie på to sider som syner ein språksamtale om orda gong og gang.
Finn adjektiva (PDF)
Finn adjektiva i rutenettet. Fasiten er på side 2 av PDF-en.
Snøballkamp i klasserommet (PDF)
I denne oppgåva får elevane verte betre kjende med kvarandre og repetere kva som kjenneteiknar ordklassen adjektiv. Elevane skriv litt om seg sjølv i skjemaet, krøllar arka saman og har snøballkrig med dei. Når snøballkrigen har vart i 30 sekund, blir oppgåva å finne ut kven som har skrive dei ulike snøballane.
Språksnurr (PDF)
Småoppgåver om ulike ordklasser. Bruk ein spinnar eller ein terning for å finne ut kva oppgåver du skal gjere.
Spå
Å lage ein nynorsk spå er ei fin, lita skriveoppgåve. Her er ein spå med fire ferdige felt og fire felt der elevane får skrive sjølve.