Tverrfagleg temaarbeid

Livet er ikkje delt inn fag. Opplæringa skal ruste elevane til å bruke kompetansen sin i ulike arbeids- og livssituasjonar. Når vi arbeider med tverrfaglege tema, bruker vi kompetansen vi lærer i dei ulike faga, og vi arbeider meir livsnært enn ein gjer i den faginndelte opplæringa i skulen.   

Her finn de tverrfaglege undervisningsopplegg som legg vekt på å utvikle elevane sin nynorske lese- og skrivekompetanse.  

Pedal ikon

I dette opplegget skal elevane skriva eigne rockesongar med inspirasjon frå barnebokfiguren Heavykatten. I arbeidet med skrivinga får dei læra nyttige triks i nynorskordboka på nett.

Gaa seg vill ikon

«Kva gjer vi om vi går oss vill i skogen?» heiter teksten i dette undervisingopplegget. Temaet engasjerer elevane, og oppgåvene legg opp til at dei skal lese og reflektere over emnet og bruke det dei har lært, i ulike kreative skriveoppgåver.  

Haust kvadrat til ressurs

Gjennom å arbeide med tre ulike dikt om hausten får elevane ulike erfaringar med å lese for å oppleve. Elevane målar bilete, samanliknar ord og dikt, skriv eigne dikt og deltar i framføringar.

Flagg og blaa himmel kvadrat

I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.

Insetkstpodden Jenny Chambers Unsplash

7. trinn ved Sjøstrand skole laga podkast som alternativ til forskingsrapport etter ein ekskursjon. Elevar sette ut insektsfeller i skogen. Etter at dei hadde fanga insekt, valde dei ut eitt eller to insekt dei laga podkast om, «Insektspodden». Elevane arbeidde i grupper.

Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.

Til nokre av opplegga ligg boka eller utdraget ute på nett.