​​Natursti og herbariet til Ivar Aasen​

Gå ein natursti og samle plantar saman med klassen. Etterpå kan de plukke blomar, presse dei og lage dykkar eige herbarium, akkurat slik Ivar Aasen gjorde. 

Aasen blomar nett

Då Ivar Aasen vaks opp, brukte han uteområdet rundt heimegarden mykje. Der gjette han sauer, der leika han, og der bygde han lauvhytter. Han plukka heilt sikkert mange fine blomar der også. 

På Ekset, 3 kilometer frå heimgarden, var der eit bibliotek då Ivar Aasen vaks opp. Det besøkte han ofte, og der brukte han å sitje og lese bøker. Han var spesielt interessert i ei bok som heitte Flora Danica. Dette var ei bok som handla om plantar og namnet på plantane. Etter kvart tok han til å samle på plantar han fann, presse dei og finne ut kva plantane heitte. Då han vart vaksen, laga han seg ei flott plantesamling som ein kan sjå inne i utstillinga i Aasentunet. De finn også ein nettversjon av plantesamlinga i Digitalt museum: Ivar Aasens herbarium.

Natursti med flora og oppgåveark

Her finn du ein natursti med sju postar. Kvar post viser bilete av ein plante som elevane skal finne namnet på. Posten må plasserast nær den aktuelle planten, slik at elevane finn henne før dei går vidare til neste post. For kvar post elevane kjem til, er der eit bilete av ein plante som dei skal finne og finne namnet på. Send med kvar gruppe ein pose som dei kan putte plantane i.

For å finne namnet på planten, kan elevane bruke denne floraen. Floraen kan du skrive ut og dele ut før elevane går naturstien. Her finn elevane bilete av planten og ein kort tekst med informasjon om kvar vekst. I floraen finn de også nokre bilete frå herbariet til Ivar Aasen av dei aktuelle plantane, og nokre tekstar frå barnelitteraturen.  

Elevane skriv namnet på plantane på dette svararket. Plantane dei har funne, kan dei teipe ved sida av rett namn på svararket. 

Lær meir om plantane

For dei minste elevane kan det vere nok å finne namnet på plantane i floraen.

Større elevar kan bruke floraen og skrive litt om plantane 

  • Korleis ser planten ut?
  • Kva plantefamilie høyrer han til?
  • Kva kan vi bruke han til? 

Plantar i barnelitteraturen

I nynorsk barnelitteratur finn vi mange vakre naturskildringar. I floraen finn de nokre utdrag frå nynorske barnebøker som beskriv plantane. Les tekstane og be elevane sjølve beskrive vekstar i naturen i forteljingane sine.

Lag eit herbarium

Å samle plantar til eit herbarium er ein kjekk aktivitet å gjere ute no om våren. Ta ein tur ut og plukk med dykk blomstrar de finn tilbake til skulen. Press blomstrane og lag fine bilete, kort eller plantesamlingar. Her finn de eit forslag til undervisningsopplegg: Herbariet til Ivar Aasen (pdf).

Lær kule ting i biblioteket

Ivar Aasen fekk aldri noka universitetsutdanning. Likevel var han ein av dei mest boklærde mennene i Noreg medan han levde. Det meste av kunnskapen tileigna han seg sjølv gjennom å lese bøker på biblioteket.  

Be elevane finne eitt eller fleire emne dei har lyst å lære meir om. Kontakt skulebibliotekaren eller det lokale folkebiblioteket, og be dei leite fram nynorske bøker om desse emna. Besøk biblioteket og les dykk til ny kunnskap.  

Her finn du undervisningsopplegget «Kunnskap er kult – les og lær i biblioteket»:

  • Kunnskap er kult – les og lær i biblioteket

    Ivar Aasen og biblioteket på Ekset

    For 200 år sidan var Ivar Aasen 13 år. Han vaks opp på garden Aasen i Ørsta. Elevane hadde nesten ikkje skulegang. Skulane på bygda var det vi kallar omgangsskule. Det vil seie at læraren reiste frå bygd til bygd og hadde skule for barna. Dette gjorde at Ivar Aasen hadde skule om lag ti dagar i året, og dei gjekk berre på skule i fem år. Dersom ein budde på bygda og ville lære meir, måtte ein søke kunnskap på andre måtar. 

    På denne tida var det vanleg å ha ein bibel i heimen, men andre bøker var ikkje vanleg. Bibliotek fann ein berre nokre få stader, og helst i byane. I kort avstand til garden Ivar Aasen vaks opp på, var der eit bibliotek. Dette biblioteket var mest truleg det første biblioteket på landsbygda i Noreg. Her kunne Ivar låne med seg bøker heim, og han var spesielt interessert i bøker med naturfag som tema. Etter kvart vart han veldig interessert i plantelære. Det er blitt sagt at han las mykje i ein flora som heitte Flora Danica

    Ivar Aasen fekk aldri noka universitetsutdanning, likevel var han ein av dei mest boklærde mennene i Noreg medan han levde. Det meste av kunnskapen i oppveksten og ungdomsåra tileigna han seg sjølv gjennom å lese bøker, og turane til biblioteket var heilt avgjerande for at han kunne leve som forskar og forfattar då han var vaksen.

    Her kan du lese meir om Ivar Aasen: Biografi - Nynorsk kultursentrum

    Kunnskapstørste barn i film og litteratur

    Både i verkelegheita, i filmar og i litteraturen finn vi døme på kunnskapstørste barn og ungdommar frå familiar med låg sosioøkonomisk status som blir skulerte gjennom å låne bøker på biblioteket.

    I boka Mi briljante venninne møter vi Lila Cerullo som kjem frå ein familie som ikkje har råd eller interesse for å sende Lila på skulen. Lila blir likevel den flinkaste i klassen, og ho lærer seg både latin og gresk i biblioteket, heilt utan å ta vidareutdanning slik venninna hennar gjer:

    «Biblioteket var for henne ein viktig ressurs. I løpet av samtala viste ho meg stolt alle lånekorta sine, fire i alt. Eitt var hennar, eitt var registrert på broren Rino, eitt på faren og eitt på mora. Med kvart kort kunne ho låne ei bok, og slik kunne ho få fire bøker i alt. Heime slukte ho dei, og neste søndag leverte ho dei tilbake og fekk fire nye.»

    Will Hunting i filmen Den enestående Will Hunting arbeider som reinhaldar på ein skule. Ein professor har skrive eit matematisk problem som ingen i verda har greidd å løyse, på tavla i klasserommet. Ein ettermiddag går Will Hunting inn og løyser problemet på tavla.

    I ein scene i filmen er det nokre snobbete studentar ved universitetet som gjer narr av kameraten til Will. Dei får han til å verke dum når han prøver å sjekke opp ei dame. Då gjer Will narr tilbake:

    “You wasted $150,000 on an education you coulda got for $1.50 in late fees at the public library.”

    Her kan de sjå eit klipp frå denne scenen i filmen: Good Will Hunting

    Lær kule ting i biblioteket

    Be elevane finne eit eller fleire emne dei har lyst til å lære meir om. Kontakt det lokale folkebiblioteket, og be dei leite fram nynorske bøker om desse emna. Det treng ikkje vere berre bøker for barn. Engasjement kan auke motivasjonen for lesing, enkelte elevar vil kunne lese tekstar som er over lesenivået deira dersom dei får lese noko dei har lyst å lese.

    1. Når elevane har valt seg ei eller fleire bøker om eit tema, kan du be dei fylle ut den første ruta i eit av desse skjemaa, om kva dei veit om emnet.
    2. Be elevane:
      1. sjå på framsida av boka/bøkene dei har valt
      2. lese baksida
      3. bla litt i boka, sjå på bileta
      4. fylle ut rute 2: Kva dei trur dei vil lære, eller kva dei ønsker å lære.
    3. Elevane kan sjølve velje om dei vil lese boka frå perm til perm, eller om dei lese i dei delane i boka dei synest verkar interessante. Minn elevane på å bruke oppklarande strategiar om dei kjem til ord eller parti i teksten som dei ikkje forstår. Etter kvart avsnitt, kvar side, kvart kapittel skal elevane prøve å oppsummere for seg sjølve kva dei har lese om, og skrive i den tredje ruta kva dei har lært.

    Forslag til oppgåver:

    • Noter nøkkelord – fagomgrep som er viktige for emnet du har valt deg.
    • Skriv setningar med fagomgrepa.
    • Skriv ei oppsummerande setning for kvart kapittel (skal vere maks 16 ord).
    • Skriv ei oppsummering om det du har lese.
    • Lag eit lite foredrag om emnet du har valt deg.
    • Ha speed-dating der alle fortel kvarandre kva dei har lese om / lært.
    • La alle presentere bøkene dei har lese i, for kvarandre, og lag bokkafé med bøkene etterpå der alle kan bla i alle bøkene.