Lesing og skriving av fagtekst
Barn lærer skriftspråk både gjennom å lese og lytte til tekstar. Når elevane skal lære å lese og skrive nynorsk, er det difor viktig at dei får sjå og høyre mange tekstar på nynorsk. Både høgtlesing, samlesing og individuell lesing av nynorske tekstar vil hjelpe elevane å lese og skrive nynorsk. Dersom tekstane er om eit tema elevane er interesserte i, aukar engasjementet og lysta til å lese og skrive.
Dersom elevane skal bli flinke til å skrive nynorsk, treng dei mengdetrening og gode modelltekstar. Tilpassa og meiningsfulle skriveoppgåver kan gjere at elevane får lyst å skrive og gje dei oppleving av meistring. Dersom dei meistrar språket og sjangeren, er det også kjekkare å skrive det.
Her finn du undervisningsopplegg til nynorske fagtekstar for elevar på mellomtrinnet, og oppgåver der elevane får skrive fagtekstar i ulike sjangrar.
Bok i bruk: Rosas buss
I dette opplegget arbeider ein i heil klasse med forståing, tolking og refleksjon over ein kompleks tekst med fleire lag av meining.
Tilpassa leseopplæring på 3.–6. trinn: Å gå seg vill
«Kva gjer vi om vi går oss vill i skogen?» heiter teksten i dette undervisingopplegget. Temaet engasjerer elevane, og oppgåvene legg opp til at dei skal lese og reflektere over emnet og bruke det dei har lært, i ulike kreative skriveoppgåver.
Å formulere faglege setningar
Eit opplegg der elevane skal arbeide med å formulere faglege setningar og arbeide med tekstbindarar med utgangspunkt i Julius-biografien Som ein bror.
Framtidsdraumen min – ei skriveoppgåve
I denne ressursen skal elevane få skrive om ein av draumane sine for framtida, og dei skal skildre, grunngje og reflektere over draumane dei har. Ressursen legg opp til både individuelt arbeid, kameratvurdering, samtale og felles gjennomgang i klassen.
Visste du at bananfluger likar å køyre karusell?
På framtidajunior.no finn du ei rekkje artige artiklar som passar godt å arbeide med i norsktimen. Her finn du tips til korleis elevane kan arbeide med artiklane.
Framtidajunior.no – arbeid med nettavis for born
Framtidajunior.no er ei nynorsk nettavis for born i alderen 9–13 år. Nynorsksenteret har laga oppgåver knytte til tema i nettavisa.
Kva hunderase passar for meg?
I dette opplegget får elevane skrive ein argumenterande, samansett tekst med utgangspunkt i faktastoff om hundar.
Skriverammer
I denne ressursen frå Skrivesenteret finn du skriverammer for fagtekstar og skjønnlitterære tekstar på både bokmål og nynorsk.
Insektspodden – podkast som forskingsrapport
7. trinn ved Sjøstrand skole laga podkast som alternativ til forskingsrapport etter ein ekskursjon. Elevar sette ut insektsfeller i skogen. Etter at dei hadde fanga insekt, valde dei ut eitt eller to insekt dei laga podkast om, «Insektspodden». Elevane arbeidde i grupper.
Film: Undersøking og fagskriving
I denne filmen følgjer vi Erna Osland i ein skrivedag med elevar på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på bakgrunn av undersøkinga.
Fagskriving på nynorsk
Skriveopplæring kan i nokre samanhengar krevje ulike tilnærmingar alt etter om ein skriv på nynorsk eller bokmål.
Lesing av fagtekst
Ei god leseopplæring må leggje vekt på å utvikle dei språklege ferdigheitene til elevane.
Bok på 1-2-3
Som ein bror (5.–7.)
Undervisningsopplegg for 5.–7. trinnet i norsk.
Brevet frå krigen (5.–7.)
Tofagleg opplegg for 5.–7. trinn i faga norsk og samfunnsfag.
10 ville ekspedisjonar (6.–9.)
Tverrfagleg ressurs i samfunnsfag, norsk og engelsk for 6. til 9. trinn.
Verdas viktigaste bok (7.–10.)
Tverrfagleg opplegg for 7.–10. trinn i faga KRLE, naturfag, samfunnsfag og norsk.