Visste du at bananfluger likar å køyre karusell?

Eller har du høyrt at ungdomsapar elskar å erte eldre apar? På framtidajunior.no finn du ei rekkje artige artiklar som passar godt å arbeide med i norsktimen. Artiklane finn du samla under fana «Visste du at?».

Undervisingsopplegget passar for ungdomstrinnet, men kan også nyttast på 6. og 7. trinn med visse tilpassingar. 

Fluge
Foto: Martin Cooper / Flickr (CC BY 2.0)

Nynorsk – eit levande språk

Oppgåvesetta gjev elevane god trening i å lese og skrive på nynorsk. Gjennom arbeidet får elevane erfare at nynorsk er eit levande og variert språk som kan formidle både seriøse tema og humoristiske nyheitssaker. Å arbeide med nyheitssendingar eller digitale informasjonsfilmar kan gje elevane eit breiare perspektiv på kva nynorsk kan brukast til – og ikkje minst gje dei positive erfaringar med språket. 

Her finn du tips til korleis elevane kan arbeide med artiklane. 

Til eleven

Å lese, skrive og fortelje! 

Gå inn på sida som heiter «Visste du at?» på framtidajunior.no. Vel deg ut tre artiklar som du synest er interessante. Vel mellom å 

  1. lage ein liten presentasjon 
  2. lage ein kort infofilm om tekstane 

A: Presentasjon 
Gå inn på sida som heiter «Visste du at?» på framtidajunior.no. Vel deg ut tre artiklar som du synest er interessante. Lag ein liten presentasjon der du legg fram hovudinnhaldet i artiklane. I presentasjonen må du: 

  • skrive stikkord som peikar på det sentrale som står i teksten (nøkkelord) 
  • grunngje kvifor du syntest artiklane var interessante 
  • finne ein passeleg illustrasjon 

Gå saman i grupper og presenter artiklane for kvarandre. 

B: Informasjonssnutt 
Det å presentere nyheiter som små videosnuttar har blitt meir og meir vanleg. I denne oppgåva skal du ta utgangspunkt i to nyheitstsartiklar og presentere dei gjennom å lage to korte informasjonsfilmar. Artiklane finn du på sida som heiter «Visste du at?» på framtidajunior.no. Målgruppa for informasjonsfilmane er ungdommar, så tenk over korleis du ordlegg deg og kva slags visuelle og auditive verkemiddel du vil bruke. Om skulen din ikkje har tilgang til eige videoredigeringsprogram, finst det fleire gratisprogram på nettet, blant anna CapCut og Canva.com. Når du skal lage informasjonsfilmane, er det viktig at du: 

  • får tydeleg fram kva artiklane handlar om 
  • tekstar det som eventuelt vert sagt 
  • viser god rettskriving 
  • brukar visuelle og auditive verkemiddel som er tilpassa målgruppa 

Vis fram informasjonsfilmane i klassa. 

Falske nyheiter? 

Gå inn på sida som heiter «Visste du at?» på framtidajunior.no og les gjennom fleire av artiklane. Vel deg ut to-tre artiklar som du synest er interessante. Kva er det som kjenneteiknar desse artiklane når det kjem til form (måten dei er skrivne på, og måten teksten er bygd opp) og innhald (kva tekstane handlar om)? Gå saman med sidemannen og skriv ei lita liste over kva det er som kjenneteiknar tekstane. Bruk deretter lista til å lage eigne, oppdikta nyheitsartiklar som kunne ha passa under nyheitsfana «Visste du at?» på framtida.no. Presenter to av artiklane du har henta frå framtida.no, og to sjølvlaga artiklar for klassa gjennom ein presentasjon eller ei nyheitsinnspeling. Klarer klassa di å avsløre kva for nyheiter som er sanne, og kva innslag som er falske?