Årshjul og merkedagar

Illustrasjonsfoto årshjul for 5 til 7 trinn

Her finn du ei oversikt over ressursar for 5.–7. trinn som følgjer året. Nokre undervisningsopplegg har utdrag frå bøker, til andre må ein skaffe bøkene sjølv, på biblioteket eller på Nasjonalbiblioteket.

  • Skulestart: august og september

    På denne tida er det ofte fint vêr, og mange har høve til å komme seg ut frå skulen. Desse ressursane tek utgangspunkt i naturen. 

    Insetkstpodden Jenny Chambers Unsplash
    Insektspodden – podkast som forskingsrapport

    7. trinn ved Sjøstrand skole laga podkast som alternativ til forskingsrapport etter ein ekskursjon. Elevar sette ut insektsfeller i skogen. Etter at dei hadde fanga insekt, valde dei ut eitt eller to insekt dei laga podkast om, «Insektspodden». Elevane arbeidde i grupper.

    Fin flott og fantastisk ikon
    Fin, flott og fantastisk

    Ei forteljing (med tilhøyrande aktivitetar) om å gle seg til å verte til noko anna. Skriven og illustrert av Anna R. Folkestad.

    Bok paa 123 Skogen den grone
    Skogen den grøne (7.)

    Tverrfagleg opplegg for 7. klasse i faga norsk og kunst og handverk. Opplegget tek utgangspunkt i dikt av Ruth Lillegraven. Temaa i dikta krinsar rundt naturen som alltid er i endring. Elevane skal lese, samtale, oppleve skogen, skrive eigne dikt og måle bilete.

  • Haust: oktober og november
    Takksemdstre ikon
    Takk og omtanke i haustmørket

    Denne undervisningsaktiviteten handlar om å vere takknemleg og reflektere over kva ein er glad for. Elevane skriv noko dei er takknemlege for, på eit haustblad. 

    Haust kvadrat til ressurs
    Haust – eit tverrfagleg opplegg

    Gjennom å arbeide med tre ulike dikt om hausten får elevane ulike erfaringar med å lese for å oppleve. Elevane målar bilete, samanliknar ord og dikt, skriv eigne dikt og deltar i framføringar.

    Halloween

    I denne perioden vert det mørkare om kveldane, trea misser blada sine og naturen vert kanskje ein mørkare og farlegare stad? Vi har leita fram ressursar om grøss, spenning og halloween.

    Kven kan vi mote ikon
    Åtte halloween-figurar som aldri går av moten

    Kvifor har menneske i mange kulturar trudd at hekser, vampyrar og spøkelse finst iblant oss? I dette opplegget tek vi ei reise inn i historia til fleire klassiske halloween-figurar. Elevane får òg lære seg å skrive skumle tekstar.

    Halloweenlesing 2
    Frå Labolina til Svarte-Mathilda

    Når det er innetid og lesetid, passar det bra med ein ekte grøssar. Me har samla nokre boktips for små barn, skulebarn og ungdomar. – Låg, middels og høg grad av grøss.

    Svarte Mathilda
    Opplegg til Svarte-Mathilda (PDF)

    Svarte-Mathilda er skriven av Tor-Arve Røssland og gjeven ut på Samlaget. Opplegget er utvikla av Foreningen !les.

    Utdrag frå Svarte-Mathilda (PDF)

    Gross Og Gru Utsnitt
    Grøss og gru

    Slik kan du ta i bruk Grøss og gru, ein serie med lettlesne spenningsbøker for ungdommar.

    Leitekryss til halloween
    Leitekryss til halloween (pdf)

    Oppgåve der elevane skal finne halloween-ord i eit rutenett. Orda skal dei deretter bruke som utgangspunkt for skriving. Vi har òg laga til ein fasit.

    Bok paa 123 Reisa til verdas farlegaste land
    Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land

    Her finn du eit undervisningsopplegg til boka Reisa til verdas farlegaste land.

  • Desember: jul og advent

    Jula kjem så altfor fort, synest mange – men juletida er også ei koseleg tid med lys, dufter og forventing. Det er mange som tenkjer tilbake til adventsstunder i skulen når dei skal skildre skikkeleg julestemning. Om du treng julekalender, juletips, julesongar og julelitteratur, så finn du det her – alt på nynorsk.

    Julekorg
    Julekalender

    Nynorsksenteret har laga små, daglege opplegg som kan gjennomførast i klasserommet i desember. Her kan du plukke ut opplegga som du liker best frå tidlegare år.

    Fyrstikk ikon
    Svovelstikker og mobiltelefon – ei samanlikning av to tekstar

    Å samanlikne tekstar er eit sentralt mål i norskfaget. I denne læringsressursen får elevane nærlese og samanlikne tekstane «Den vesle jenta med svovelstikkene» av H.C. Andersen og «Guten med mobiltelefonen» av Frode Grytten.

  • Januar: vinter
    Maal for det nye aaret Fargeikon
    Velkomen til eit nytt år

    I denne ressursen finn de forslag til samtalespørsmål, teikne- og skriveoppgåver om året som var, og året som kjem, fakta om nyttårsløfte og fyrverkeri og oppgåver om substantiv og nynorsk grammatikk. Her er også forslag til eit kunstverk elevane kan lage i kunst og handverk, og eit forsøk de kan gjere i naturfag.

    Tidfortilogo
    Tid for ti

    Januar er midt i den kalde, mørke årstida. Etter friske turar ute i snøen er det godt å setje seg ned med ei god bok, men har du ikkje noko å lese? Då er det godt å ha Tid for ti, ein leseaksjon for 7. trinn, med eigen antologi av nye, nynorske tekstar.

    Om du har meldt klassen di på Tid for ti, får du klassesett av antologien, men her på denne nettsida får du alle tekstane, lydinnspelingar av tekstane, aktivitetar og oppgåver. Om det er ei bok elevane vert interesserte i, finn dei ho på biblioteket. Kanskje vil fleire gå saman om å lese same bok? Då kan du lage litteratursirklar i klasserommet!

  • Mai: nasjonaldagen 17. mai

    Vi markerer nasjonaldagen med song, vaiande flagg og feststemning!

    Flagg og blaa himmel kvadrat
    17. mai

    I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.

    Svanhild Aksnes foto privat
    17. mai-tale

    Her kan de lese 17. mai-talen til Svanhild frå Dalsfjorden. Kanskje kan denne talen inspirere til skriving av eigne talar?

  • Juni: sommar
    Sommarles ikon
    Sommarles

    Sommarles er ein nasjonal lesekampanje for elevar frå 1. til 7. trinn. Det er folkebiblioteka som står bak kampanjen, som varer frå juni til august. Elevane kan registrere bøkene dei har lese, og samle poeng. Elevane kan få digitale trofé og hente små premiar på biblioteket.