• Blogg
  • Kvinnedagen 8. mars

Kvinnedagen 8. mars

20.02.2024

Maria fuentes Qe XETT0k NLM unsplash til nettside

Illustrasjonsfoto: Maria Fuentes, Unsplash

Den 8. mars feirar vi den internasjonale kvinnedagen over heile verda. Ifølgje den overordna delen av læreplanen skal skulen formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar verdiane likeverd og likestilling som er kjempa fram gjennom historia.

I desse ressursane om kvinnedagen finn de oppgåver og tekstar der ein skal lese, samtale om og reflektere over oppfatningar vi har om kjønn og korleis språket vårt brukar kjønn som plussord, minusord og på ein krenkande måte. Vi har også lagt ved ei samling nynorske tekstar som kan vere aktuelle å arbeide med i samband med markeringa.

Kjonnsladde ikon
Å mangle ballar – det kjønnsladde språket

I denne ressursen skal elevane reflektere over korleis vi brukar språket vårt som ein haldningsmarkør i møte med omverda. Deretter skal dei utforme plakatar (samansette tekstar) der dei rokkar ved dei stereotypiske språklege framstillingane av kjønna.

Marie Takvam Foto Rigmor Dahl Delphin
Marie Takvam: Det glade raseri

Oppgåver med utgangspunkt i det feministiske diktet «Det glade raseri» av Marie Takvam, som står i samlinga Merke etter liv frå 1962.

Dei skamlause ikon
Dei skamlause jentene (docx)

I denne ressursen tek vi føre oss kampen for likestilling blant kvinner med innvandrarbakgrunn. Du kan nytte delar av ressursen, eller heile.

FN maal 5
FNs berekraftsmål nr. 5: Likestilling mellom kjønna

Skrive-diskusjonsoppgåver med utgangspunkt i FNs berekraftsmål nr. 5.

Om kvinnedagen

Den internasjonale kvinnedagen feirar vi kvart år den 8. mars. Ein nasjonal kvinnedag vart først arrangert i USA i 1908, medan ein internasjonal dag vart vedteken i København året etter, der over 100 kvinner frå 17 land var med. I Noreg feira vi kvinnedagen for første gong i 1915. Kvinnedagen skulle i utgangspunktet vere ein aksjonsdag for allmenn stemmerett for kvinner.

I 1972 fekk kvinnedagen eit stort oppsving då det vart arrangert demonstrasjonstog i Oslo med mellom anna krav om sjølvbestemt abort, fleire barnehagar og lik løn for kvinner og menn. I 1980-åra gjekk interessa for å markere dagen ned, men på 90-talet fekk dagen meir merksemd, då med vekt på kvinner sine rettar og kvinner sin posisjon. I 2014 vart dagen igjen viktig som politisk kampdag med stor oppslutning i demonstrasjonstog mot fastlegar sin reservasjonsrett i abortsaka. Etter dette har tilslutninga halde fram, og parolar som støttar #Metoo-kampanjen mot seksuell trakassering og parolar for betre barselforhold har engasjert mange.

Kjelder

Tekstsamling