• Blogg
  • Dei tøffe jentene

Dei tøffe jentene

08.03.2019

Sterke Jenter

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

For litt sidan var eg på kino og såg filmen «Rive-Rolf krasjer internett». I filmen reiser Rive-Rolf og Vanilje ut ei ny verd for å berge spelet som Vanilje lever og køyrer racerbil i. Vennskapet deira vert utfordra når Vanilje finn eit nytt og farefullt spel ho vil vere i, medan Rolf berre vil at dei skal vere saman som i gamle dagar. Undervegs møter dei også alle dei tradisjonelle Disney-prinsessene, som vert utfordra til å tenkje nytt og gå sine eigne vegar. Både prinsessene og Vanilje har tæl og vilje, og eg må seie at denne filmen var forfriskande i eit kjønnsrolleperspektiv. Det er ikkje noko gale med prinsesser, men vi ønskjer vel helst at førebileta skal by på meir enn eit plettfritt ytre og viljelaust indre. 

Sjølvstendige prinsesser

Det er ikkje berre i filmverda prinsessene har vakna og viser kva dei er laga av. I boka Prinsesser og drakar av Christina Björk og Eva Eriksson får vi høyre om sju prinsesser, ei for kvar dag, og desse jentene klarer seg utmerkt på eiga hand, og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne overtek jobben deira. 

10 Ville Ekspedisjonar

Hovudpersonar i eige liv

Både gutar og jenter treng førebilete som er hovudpersonar i eige liv. Vi treng å høyre historiene om dei sjølvstendige og sterke kvinnene, å bli inspirerte og å utvide horisonten vår om kva kvinner kan få til. I boka 10 ville ekspedisjonar, av Pia Strømstad og Trond Bredesen, får vi lese om tre kvinnelege pionerar på sine område: Amelia Erhart, som var den første i verda til å fly over Atlanterhavet to gonger, og som også sette ny fartsrekord. Historia om Dian Fossey er også imponerande. Ho levde tett på fjellgorillaar i ein nasjonalpark i Rwanda i Afrika. Den tredje kvinna som vert portrettert i boka, er Ellen MacArthur, som segla jorda rundt åleine i ein seglbåt. 

Historiene om dei tre kvinnene er imponerande, og kanskje kan vi håpe at jenter som les denne boka og har ein utforskar i magen, blir inspirerte av å sjå at andre fekk det til. Neste bok av denne sorten bør absolutt vise at tilhøva ligg like godt til rette for kvinner som for menn til å strekkje seg høgt og langt. At 7 av 10 historier i samlinga er om menn, viser at vi treng både kvinnekamp og kvinnedag enno. 

Uredd jente

Ser vi nærare på skjønnlitteratur med ei uredd jente i ei av hovudrollene, kjem vi ikkje utanom Maria Parr sine bøker Vaffelhjarte og Keeperen og havet. Lena Lid er eit vandrande oppkome av gode idéar og viltre påfunn, og saman med vennen Trille Danielsen Yttergård set ho ut i livet ein heil del av dei. I bøkene om Lena og Trille er det mange humoristiske situasjonar, og vi må stadig trekkje på smilebandet over alt det galne dei to finn på. Likevel er det ein alvorleg undertone. Sjølv om Trille ikkje er heilt sikker sjølv, kan det verke som om den tøffe og modige Lena treng han minst like mykje som han treng henne.  

Tonje Glimmerdal

Fart og sjølvtillit

I Tonje Glimmerdal introduserer Maria Parr lesaren for ei jente med bein i nasen. Tonje er det einaste barnet i Glimmerdalen, men lever under mottoet «fart og sjølvtillit» og let seg ikkje stoppe så lett. Bestevennen er Gunnvald, ein felespelande sauebonde på 74 år. Då det kjem eit brev om noko hemmeleg, noko stort som trugar med å øydeleggje det gode livet i Glimmerdalen for alltid, bestemmer Tonje seg for å ordne opp. «Det er ikkje lov å ta motet frå ungane», har Parr sagt ein gong ho vart intervjua om forfattarskapen sin, og den sterke strengen av håp skin gjennom i alle bøkene hennar. 

Skammarens Dotter

Skammar-serien

Også i fantasylitteraturen finn vi jenter som kjempar for det gode og som ikkje let seg stoppe så lett. Til dømes Dina i Skammar-serien av Lene Kaaberbøl. Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho kan få folk til å skamme seg for og tilstå alt det galne dei har gjort. Det gjer at nesten ingen torer sjå Dina i augo. Samfunnet i serien kan minne om ein mytisk mellomalder, og vi møter tjuvar, klan-folk, drakar og den vonde fyrst Drakan. Utover i serien får Drakan og hæren hans meir og meir makt, og Dina og familien vert etter kvart ein del av den gryande motstandsrørsla mot han. Dei to første bøkene i serien er filmatiserte i storslått fantasy-stil (13-års grense).

Sterke kvinner

Snakkar vi om sterke kvinner, kjem vi ikkje utanom Rosa Park i Rosas buss av Fabrizio Silei og Maurizio A.C. Quarello. Rosa gjorde det ingen andre torde: Å ikkje gje frå seg plassen sin for ein lyshuda mann på bussen. Det var svært farleg å protestere på slike reglar i 1950-åra i USA. Rosas buss er noko så sjeldan som ei politisk barnebok om å ha mot til å stå opp for seg sjølv, setje grenser og kjempe for rettane sine. Og om å ha mot til å seie «nei». Det treng både jenter og gutar å lese og lære om. Undervisingsopplegg til boka ligg på nynorsksenteret sine sider: 
Bok i bruk: Rosas buss

Så, om du er prinsesse, utforskar, drakekjempar eller berre likar å lese om dei: God kvinnedag!