FNs berekraftsmål nr. 5: Likestilling mellom kjønna

FN maal 5

Her kan du skrive ut dei berekraftsmåla som handlar om 5. Likestilling mellom kjønna. Sida er henta frå FN-sambandet. På sidene deira www.fn.no finn du andre berekraftsmål og aktuelt stoff.

Desse oppgåvene kan ein arbeide med aleine, i par eller i gruppe, munnleg eller skriftleg.

  1. Kva for eit av desse berekraftsmåla synest du er viktigast? Kvifor?
  2. Er det eitt eller fleire av måla du meiner vi ikkje treng å tenke på i Noreg? Kvifor?
  3. Kva for eit av dei trur du er vanskelegast å få gjennomført? Grunngi.
  4. Vel ut tre av berekraftsmåla, og finn eit bilde eller ein illustrasjon som passar til.
  5. Skriv ein kort tekst, bestem sjanger sjølv, om kva du meiner er dei to viktigaste utfordringane vi har i Noreg når det gjeld likestilling.
  6. Skriv eit innlegg som svar på Om kvinnesak og kvardagar av Helene Hovden Hareide.
  7. Skriv ein tekst i valfri sjanger til eitt av bilda under:
Pexels viktoria slowikowska 5871402
Foto: Viktoria Slowikowska / Pexels
Pexels viktoria slowikowska 5871625
Foto: Viktoria Slowikowska / Pexels