I samband med den samiske nasjonaldagen 6. februar er det mange barnehagar og skular som arrangerer samisk veke. Vi har samla tips til aktivitetar og aktuelle saker.
Foto: Thom Reijnders, Unsplash
Miksapix har laga fleire appar med spel og interaktive utgåver av samiske eventyr. Dei tilbyr òg skuleabonnement der det fylgjer med pedagogiske opplegg til eventyra. Eventyra finst på nynorsk, bokmål, nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
I denne oppgåva skal elevane samanlikne songtekstane Samisk nasjonalsong (nynorsk omsetjing av «Sámi soga lávlla») og Nordmannen. Dei skal finne likskapar og skilnader i tekstane som skildrar natur, vêr, årstider og folk. Opplegget kan gjennomførast med elevar frå 5. trinn til og med vidaregåande.
24.01.2025
Lihkku Sámialbmot beivviin buohkaide! Gratulerer med samefolkets dag, alle saman!
06.02.2023
Ä´vv Saa´mi Mu´zei, Skoltesamisk museum, ligg i den idylliske bygda Njauddâm, Neiden, i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Museet tar for seg den unike og lite kjente historia til det vesle skoltesamiske folket og landet deira.
13.02.2023
For eit par år sidan forklarte den eldste dottera mi meg så vakkert før eit møte i barnehagen: «Du må seie at det er viktig å snakke samisk med barna, slik at dei får lyst til å bruke samisk med vennene sine når dei blir store også!» skriv Lill Tove Fredriksen, førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet og medlem av den norske UNESCO-kommisjonen.
15.01.2022
Når vi arbeider med barnelitteratur på sørsamisk, arbeider vi med mange ulike problemstillingar samstundes. Lesetrening, leseglede, litterære opplevingar, språkutvikling og omgrepsutvikling hos barn, språklege læringsstrategiar, omsetjarteori, revitalisering av eit utryddingstrua språk, og utvikling av ordtilfanget i språket, skriv Morten Olsen Haugen, prosjektleiar i Trøndelag fylkesbibliotek.
05.01.2021
Den digitale verkelegheita der majoritetsspråka er norsk eller engelsk, er ei utfordring for utviklinga av det samiske språket, skriv Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret.
18.01.2019
Det er viktig at samisk vert brukt i den samiske barnehagen og i skulen. Samstundes må mange menneske kvar dag gjera aktive val som handlar om å bruka samisk, meiner Gudrun Kløve Juuhl.
06.02.2019
Matoppskrifter
Gahkku (Oppskrift på nynorsk som kan skrivast ut)
Biđus (Oppskrift på nynorsk som kan skrivast ut)