• Blogg
  • På besøk i samisk barnehage

På besøk i samisk barnehage

18.01.2019

Last Ned

På besøk i samisk barnehage – språklege utfordringar og førebilete

Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

Tidlegare i vinter var eg og nokre kollegaer på besøk i Kautokeino. Vi besøkte ein samisk barnehage, den Samiske høgskulen og Nasjonalt senter for samisk i opplæringa. Målet med besøket var å verte meir kjende med samisk språk og kultur for å kunne gjere undervisninga i lærarutdanninga betre. Samtalane vi hadde med fagpersonar og barnehagetilsette gav oss eit nyttig innblikk i arbeid med samisk språk og utfordringar ein møter når ein skal legge til rette for at barn skal lære eit minoritetsspråk. Denne teksten gir eit lite blikk inn i kulturen og språksituasjonen til samiskspråklege barn. Som tilsett ved Nynorsksenteret er eg opptatt av situasjonen til barn som skal lære eit mindre brukt språk, og besøket gav nokre tankar omkring ein språksituasjon som i nokre tilfelle kan ha like utfordringar.  

Majoritetsspråket er dominerande
I situasjonar der ein skal lære eit mindre brukt språk, vil der vere eit majoritetsspråk som er dominerande. I denne samanhengen er norsk majoritetsspråket. Dette pregar også  kommunikasjonen mellom barn. Barn tilpassar seg raskt, og det skal berre eitt norsk barn til i ei samisk barnegruppe som ikkje forstår samisk, for at dei andre barna tilpassar seg barnet og samtalen går frå å gå føre seg på samisk til å gå føre seg på norsk. Dette er i utgangspunktet ei fin inkluderande handling, men det vert ei særleg utfordring i samiske barnehagar der borna i ulik grad snakkar samisk og der det er eit mål at dei skal lære det samiske språket. Vektlegging av det samiske språket er sentralt, og det å bidra til å styrke alle barna med ulike språkferdigheiter, er utfordrande. Det vert også påpeika at engelsk i aukande grad er ein trussel for det samiske språket. I barnehagen vi fekk besøke, såg ein at engelsk er eit mykje brukt språk i det samiske miljøet, og at barna der brukar engelske ord i daglegtalen i staden for samiske og norske ord.

Språkmiljøet
Språkmiljøet som barna er ein del av, er ein viktig faktor for å utvikle språket i tidleg alder. Mange av barna som går i samisk barnehage, kjem frå heimar der dei ikkje snakkar samisk og der foreldra ikkje kan samisk sjølve. Men foreldra ønskjer at barna skal lære samisk og sender barna i samisk barnehage. For mange er det eit mål at barna skal lære samisk på ein slik måte at dei kan bli funksjonelt tospråklege. I situasjonar der samisk ikkje er heimespråket, gjer det at språkmiljøet i barnehagen er særleg viktig. I mange samanhengar brukar barn norsk og samisk om kvarandre, og i leiken kan ofte norsk vere språket i rolleleiken.

I språkmiljøet rundt barna er både det munnlege og det skriftlege språket viktig. På veggane i barnehagen heng plakatar og plansjar med teikningar og bilete frå barnekultur og frå samisk kultur, der dette er namngjeve på samisk. Slik er barnehagen ein særleg viktig arena for å lære samisk språk. Det er ei utfordring at nokre barn berre møter det samiske språket i barnehage og skule, og når ein får eit stort opphald i feriar, så opplever ein at ein må starte litt på nytt etter ferien.

Litteratur og digitale ressursar
Tilgang til samisk litteratur og samiske språk i den digitale verda er sentralt. Dei brukar digitale hjelpemiddel med samisk innhald i barnehagen. Men det er ei utfordring at det ikkje finst så mykje – meir og meir er norsk og engelsk i den digitale kommunikasjonen. Den digitale verkelegheita der majoritetsspråka er norsk eller engelsk, vert opplevd som ei utfordring for utviklinga av det samiske språket både i barnehage og skule, men også i heimen der den digitale arenaen etter kvart er størst. I denne samanhengen jobbar barnehagen bevisst med kurs og foreldremøte for å formidle kunnskap omkring val ein gjer for å legge til rette for at barn skal kunne utvikle det samiske språket.

Desse utfordringane er i nokre samanhengar like dei utfordringane ein ser for barn som skal lære nynorsk. Ein ser at det som dominerer i media, populærkultur og i språksamfunnet ikkje er nynorsk eller samisk, noko som gjer at krava og utfordringane til skule og barnehage er større. Bevisstheit om språkmiljø og tilrettelegging vert difor endå viktigare for å styrke språket til det enkelte barnet.