Ytring: Lyst til å bruke samisk – Tankar om FNs internasjonale tiår for urfolksspråk
15.01.2022
For eit par år sidan forklarte den eldste dottera mi meg så vakkert før eit møte i barnehagen: «Du må seie at det er viktig å snakke samisk med barna, slik at dei får lyst til å bruke samisk med vennene sine når dei blir store også!»
Av Lill Tove Fredriksen, førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet og medlem av den norske UNESCO-kommisjonen.
Dette er ei programfråsegn som er fin å ta med seg i året 2022, starten på FNs internasjonale tiår for urfolksspråk (IDIL 2022-2032). Dette tiåret er vedtatt av FNs generalforsamling, i forlenginga av det internasjonale året for urfolksspråk 2019. Med tiåret for urfolksspråk ønsker FN å rette merksemda mot tapet av urfolksspråk og det presserande behovet for å bevare og fremme språka. FN vil med tiåret også sette menneskerettane til urfolksspråktalarar i fokus.
Som medlem av den norske UNESCO-kommisjonen ser eg fram til kva tiåret for urfolksspråk kan bringe med seg. Det går føre seg mykje positivt med tanke på interessa for og utviklinga av samiske språk i Noreg. Etter å ha vore deltakar på møte i samanheng med nettopp FNs internasjonale tiår for urfolksspråk, kjem det dessverre opp eit spørsmål: I kor stor grad blir termen «Indigenous» brukt som ei slags merkevare i tiåret for urfolksspråk, som kan utnyttast for å skaffe midlar?
FN bruker «ei moderne forståing av termen Indigenous» som særleg legg vekt på sjølv-identifisering som urfolk på eit individuelt nivå, og at ein er akseptert i lokalsamfunnet (community) som medlem av folket. Dette betyr mellom anna at tysk som minoritetsspråk i Danmark ikkje høyrer inn under termen urfolksspråk. Tysk er heller ikkje eit trua språk i verda. Minoritetsspråk bør vernast, men det kan bli feil viss det skulle skje under dekke av å vere urfolksspråk. Det norske lovverket vernar om samiske språk som urfolksspråk. Den 1. januar 2022 tredde det i kraft ei ny språklov i Noreg. Der står det at norsk og samiske språk er likestilte, og samiske språk blir for første gong stadfesta som urfolksspråk i lovverket. Noreg har ratifisert ILO-konvensjon nr. 169, og det er klart at samane fyller kriteria til definisjonen av urfolk etter konvensjonen.
Vernet og utviklinga av samiske språk har komme takk vere dei som stod motstraums då fornorskingspolitikken var eksplisitt og retta mot å utrydde det samiske språket og kulturen. Å kjempe for det samiske språket er å heidre desse menneska. Språket, joiken, duodji, forteljingane og latteren overlevde fordi portvaktarane våre heldt stand. Det går føre seg mykje positivt med tanke på interesse, innsats, kunstnarisk aktivitet og produksjon der dei samiske språka er sentrale. Vi har i tre år hatt Giellavahkku, ei eiga samisk språkveke, der målet er å løfte statusen til dei samiske språka, med aktivitetar over heile Noreg!
«Kva med oss som har mista språket?» Dette er eit spørsmål eg kjenner meg igjen i. Eg har sjølv tatt tilbake språket og har samisk som heimespråk og arbeidsspråk.
Dette er eit val som har kravd, og krev, mykje arbeid og vilje kvar einaste dag. Drivkrafta er ei glede over at språket er ein stad der forteljingane, medvitet over historia, latteren og duodji gir nærvær blant mine eigne, for både meg og barna mine. Eit vindauge både innover og ut mot verda. For meg var det å lære samisk på nytt som å komme heim. Samisk var ein veg inn i forteljingane til mor mi og kunnskapen til bestemor. Mamma fortalde meg korleis det var å bli sendt på internat, ikkje kunne språket dei måtte bruke der, og korleis det var å komme heim berre tre gongar i året. Samisk var ein veg til igjen å snakke samisk med bestemor, og til mange samtalar der eg spurde, og ho kommenterte at «dette ordet kan du vel ikkje, det må du vel skrive ned?» Og det måtte eg ofte, på ein handlepapirrull ho hadde på kjøleskapet.
Etter beste evne jobbar eg for å gjere det dottera mi forklarte meg: vidareføre språklyst! Det er kjernen i korleis samisk overlever, i ei verd der vala er mange, også blant fleirspråklege samiske barn. Samisk overlever ved at samiske språkbrukarar fortset å bruke samisk i vaksen alder, vidarefører og utviklar nye språkmiljø og vidarefører samisk til barna sine. Deltakarane på det første samiske litteraturseminaret i Sirbmá i 1972 sa det så treffande: «Eit språk kan ikkje leve gjennom eit anna språk.» Språket er verkeleg hjartet i kulturen vår, heimen til tankane våre, tilhøyrsla vår, verdsbildet vårt.
(Ytringa blei først publisert av iTromsø, omsett til nynorsk av Nynorsksenteret)