Samanlikning av songtekstar
24.01.2025
I denne oppgåva skal elevane samanlikne songtekstane Samisk nasjonalsong (nynorsk omsetjing av «Sámi soga lávlla») og Nordmannen. Dei skal finne likskapar og skilnader i tekstane som skildrar natur, vêr, årstider og folk.
Tekst: Nynorsksenteret
Foto: Billie Grace Ward (CC BY 2.0)
- Ivar Aasen: Nordmannen
- Isak Saba: Samisk nasjonalsong (attdikta til nynorsk av Jon Eldar Einejord)
Dette opplegget kan gjennomførast med elevar frå 5. trinn til og med vidaregåande. På enkelte trinn kan det sikkert vere litt mykje å lese alle versa i begge songane. Då kan ein til dømes plukke ut nokre av versa og bruke oppgåvene som passar til dei.
Opplegg i klasserommet
1. Høyr gjennom Sámi soga lávlla og Nordmannen medan du har den nynorske teksten på storskjerm. Tips: Det finst ulike versjonar på YouTube.
2. La elevane jobbe to og to. Dei må ha begge songtekstane tilgjengelege på nett eller papir. Be dei fylle ut skjemaet som vi har lagt ved. (Det kan vere lurt å skrive det ut i A3-format dersom elevane skal skrive for hand.)
3. Etter at elevane har jobba i par, kan de gå gjennom svara i fellesskap i klassen.
Ei ekstra oppgåve til dei yngste elevane:
Lag ei teikning som passar til kvar av songtekstane.
Ei ekstra oppgåve til dei eldste elevane:
Diskuter korleis dei to tekstane får fram korleis folket ser på seg sjølv.
Ressursar
Samisk nasjonalsong (Sámi soga lávlla) er opphavleg eit dikt skrive av Isak Saba i 1906. Diktet vart tonesett av Arne Sørli, og i 1986 vart songen vedteken som samisk nasjonalsong. Teksten er omsett til nynorsk av Jon Eldar Einejord.
På nettsidene til Ivar Aasen-tunet finn du også temasider om Nordmannen:
På denne sida finn du Nordmannen av Ivar Aasen frå 1875, både i original rettskriving og i modernisert rettskriving ved Ivar Grimstad og Terje Aarset.
Kompetansemål
Kompetansemål frå læreplan i norsk (NOR1-05):
Etter 7. trinn: presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk
Etter 10. trinn: gi eksempler på og kommentere hvordan samfunnsforhold, verdier og tenkemåter framstilles i oversatte tekster fra samisk og andre språk
Etter Vg3 – studieforberedende utdanningsprogram: gjøre rede for trekk ved samisk språk og kultur og konsekvenser av norsk språk- og fornorskingspolitikk