• Blogg
  • Lihkku Sámialbmot beivviin buohkaide! Gratulerer med samefolkets dag, alle saman!

Lihkku Sámialbmot beivviin buohkaide! Gratulerer med samefolkets dag, alle saman!

06.02.2023

Ella Nystad til nettside

Tekst: Elle Nystad
Fotograf: Elle Risten Eira

Eg heiter Elle Nystad, er 23 år og kjem frå Karasjok. Akkurat nå studerer eg rettsvitskap i Tromsø og er leiar i NSR Nuorat (ungdomsutvalet til Norske Samers Riksforbund). I fjor jobba eg i ei fulltidsstilling som prosjektleiar for RomsaDál, det er nordsamisk for TromsøNu. Målet med prosjektet var å spreie stoltheit omkring det samiske i Tromsø by.

Eg ønsker å fortelje litt om kvifor eg synest det er viktig å feire 6. februar. 6. februar blir i hovudsak markert til minne om det første samiske landsmøtet som blei halde i Trondheim i 1917. Men denne dagen har blitt så mykje meir. Dette er ein utruleg viktig dag å feire. Dette er ein viktig dag for meg og andre samiske barn og unge over heile landet. Det er ein aktivitetsdag. Det er ein festdag. Det er ein gledas dag. For meg som er ung og same, så er dette garantert favorittdagen min å feire.

6. februar er ein dag der eg får møtt andre unge samar. Eg får vist fram den samiske identiteten og kulturen min denne dagen. Eg får sett at barn og unge er kledde i kufte på gata, på sosiale medium, på konsertar, på butikken, på utestadar og mange andre plassar. Det gøyaste med denne dagen for meg er å dra på samiske konsertar, sjå på reinkappkøyring, dra på samisk marknad, ete samisk mat, høyre det samiske språket og snakke det samiske språket.

For meg er dette ein dag der eg føler det er trygt og komfortabelt å ha på seg kufte eller snakke samisk høgt ute i det offentlege rommet, sidan det er så mange som gjer det, ein føler seg ikkje lita denne dagen.

Slik er det ikkje for alle unge samar, dessverre. Sjølv på denne store dagen er det unge samar som tenker «skal eg tore/orke/gidde å ta på meg kufte i dag?». Sjølv på denne dagen blir unge samar møtte med hets, diskriminering eller rasisme. Sjølv på denne dagen blir ordet «same» brukt som skjellsord, og «joik» blir brukt til å latterleggjere dei vi er. «Same» er ikkje eit skjellsord, og «joik» er noko ein gjer for å heidre og minnast noko eller nokon.

I Noreg har vi to offisielle språk. Norsk og samisk. Samar er urfolket i Noreg. Men kjennest det sånn? Opplever vi det sånn? Er den norske befolkninga stolt over å ha oss som urfolket sitt her i Noreg? Eller er det berre i nokre bygder, eller berre i nokre kommunar? Kvifor blir ikkje dagen feira over heile landet, då?

Det er så utruleg viktig at samar, men også folk i Noreg som ikkje er samiske, er med på å markere denne dagen. Alle skolar, kommunar, fylke og heile landet burde vere med på å feire denne dagen. Det vil skape dialog, det vil skape samhald, det vil skape forståing og ikkje minst respekt for kvarandre, og det kan føre til at det blir bygd ei bru mellom det samiske og det norske.

Vi som er unge samar i dag, treng at i framtida skal dette vere ein dag der vi føler oss trygge, godkjente, anerkjente og velkomne uansett kvar i landet vi er. Vi treng at den norske befolkninga viser stoltheit omkring det samiske. Ikkje berre i dei samiske forvaltningsområda, men overalt i landet. Spesielt 6. februar, som er ein dag vi feirar. Vi treng at vi som er unge samar i dag, ikkje skal måtte føle redsel, usikkerheit eller at det ikkje skal vere på godt nordnorsk eit «ork» å vere ein same den eine dagen og legge det vekk ein annan dag.

Vi som er samiske ungdommar og barn, vil gjerne dele, fortelje og vise fram det samiske. Bli møtte med forståing og respekt.

Til slutt vil eg gjerne oppfordre dokker alle som sit og les dette, til å delta med å markere denne dagen saman med oss. Då er dokker også med på å styrke verdien av denne viktige dagen. Eg vil også nemne at eg er utruleg takknemleg for at unge samars stemme også blir representert og høyrt, fordi barn og ungdom er framtida og vi må også bli høyrde. Tusen takk for meg!

Omsett til nynorsk av Nynorsksenteret.