Skoltesamane
13.02.2023
Livet i Skoltelandet bygde på kunnskap om rikdomen i naturen. I basisutstillinga vil dei besøkande få innblikk i skoltesamisk historie frå slutten av istida til etterkrigstida. (Foto: Martin Skulstad)
Ä´vv Saa´mi Mu´zei, Skoltesamisk museum, ligg i den idylliske bygda Njauddâm, Neiden, i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Museet tar for seg den unike og lite kjente historia til det vesle skoltesamiske folket og landet deira.
Av Christina Mathisen og Bjørn Ståle Tapio, Tana og Varanger Museumssiida
Alt tyder på at skoltesamane har levd i Skoltelandet i fleire tusen år. Dei er urfolket i området, og tel i underkant av 2000 menneske. Dei skil seg frå andre samiske grupper med særtrekk i kultur, religion, handverk og klede, og dei har sitt eige språk. Heimlandet til skoltesamane, og dermed også det skoltesamiske folket, er i dag delt mellom tre forskjellige land; Noreg, Finland og Russland.
Innanfor dei ulike sijddane flytta folket seg mellom fleire buplassar gjennom året. Sijdd beskriv området, men også samfunnsorganiseringa. Innrykket frå kolonistatane, med grensetrekkingar gjennom dei opphavlege leveområda, har vore svært øydeleggande for det skoltesamiske levesettet og sjølve livsgrunnlaget deira.
Sidan 1826 har fleire riksgrenser blitt etablert på kryss og tvers gjennom leveområda; dette splitta slekter og gjorde årstidsflyttinga umogleg å oppretthalde. Säämmsijdd, Skoltebyen, var sommarbuplass for skoltesamane i Njauddâm sijdd og var den vestlegaste av dei sju skoltesamiske sijddane. Frå 1830-åra var det ei betydeleg finsk innvandring til området som førte til ein kamp om ressursane, og skoltesamane blei snart ein minoritet i sitt eige land. I etterkant av andre verdskrigen (1939–45) flytta dei fleste skoltesamane frå Suõnn´jel Sijdd til Če´vetjäu´rr, Sevettijärvi, lengst nord i Finland og dermed delvis inn i landet til Njauddâm-sijdden. Dei fleste skoltesamane fra Peäccam, Petsamo, og Pasvik, Paččjokk-sijddane, flytta til eit område søraust for Enaresjøen. I Sevettijärvi er skoltesamisk språk og kultur ein del av dagleglivet. Skoltesamane i Russland gjekk gjennom mange kriser etter den russiske revolusjonen, og denne delen av historia er lite omtalt.
Skoltesamane blei kristna langt tidlegare enn dei andre samiske gruppene. Tradisjonen fortel at den russiske munken St. Trifon fekk ei openberring om å forkynne evangeliet til dei «ville og vansmektea menneska ved Ishavskysten». Han var i gang med dette misjonsarbeidet alt tidleg på 1520-talet og kristna skoltesamane til den russisk-ortodokse trua.
Den heilage Trifon blir rekna som apostelen for skoltesamane, og ifølge tradisjonen bygde han St. Georgs kapell i Neiden i 1565. Han velsigna vatnet i Neidenelva, og det var også der han døypte skoltesamane frå Njauddâm. For dei truande blir vatnet den dag i dag rekna som heilagt, reinsande og lækjande.
Den austlege påverknaden blir vist i klesdraktene og dekortradisjonen som er særeigen for skoltesamane. Handverkstradisjonar baserer seg på berekraftig bruk av lokale råvarer, medan handel har gitt tilgang til nye teknikkar og materiale. Saueull blir spunnen, strikka og voven. Fiskeskinn og reinskinn blir garva og sydd til posar, vesker og skotøy. Bein av rein blir leiketøy og spelebrikker. Tæger/røter blir fletta til skåler og korger. Det mest karakteristiske ved skoltesamisk dekortradisjon er perlebroderi, som blir brukt i hovudplagg, på belte og anna tilbehøyr.
Målsettinga til museet
Ä´vv Saa´mi mu´zei, Skoltesamisk museum, har som hovudmål å arbeide med styrking og bevisstgjering av skoltesamisk kultur og identitet, samt formidling av den skoltesamiske fortida og samtida og også bidra til auka kontakt mellom skoltesamane i Noreg, Finland og Russland. Museet er ein del av stiftinga Tana og Varanger museumssiida saman med dei andre samiske musea i Aust-Finnmark; Tana museum, Savio-museet og Varanger samiske museum.
Museet er plassert nokre hundre meter på oversida av brua over Neidenelva og Skoltefossen. Elva la sjølve grunnlaget for den første busettinga. Som ein urgammal skoltesamisk tradisjon blir det utøvd kastenotfiske i Skoltefossen kvar sommar. Dette heiter på skoltesamisk livjelak, som betyr lempe- eller kastefiske.
Basisutstillinga i museet består av 300 objekt og er 200 m2 delt inn i tre rom. Det første rommet fortel historia om «folket»: skoltesamar, samfunnsorganiseringa deira og tradisjonar, i tillegg til røtene til den samiske kulturen. Det andre rommet fortel historia om «landet»: Her følger vi årstidene, levemåten gjennom året og det som var dei viktigaste ressursane deira. Utstillinga blir avslutta med «verds-rommet»: Skoltelandets historie gjennom tida, skoltesamar som urfolk og urfolksrettar.
Språksituasjonen i dag
Namnet på museet, Ä´vv, er skoltesamisk og betyr speglinga av sola på vatn, is eller snø. I utstillinga er skoltesamisk hovudspråket, samtidig som det er eit viktig grafisk element.
Det skoltesamiske språket er eit av ti samiske språk. Det er rundt 300 som snakkar skoltesamisk i dag, dei fleste av desse er busette på finsk side. I Finland kan du lære skoltesamisk opp på universitetsnivå. Det skoltesamiske språket er i slekt med enaresamisk, men trass i slektskapen er skilnaden så stor at dei berre kan forstå kvarandre etter lang trening etter og/eller opplæring. Avstanden mellom nordsamisk og skoltesamisk er som forskjellen mellom norsk og færøysk. Dei som snakkar skoltesamisk, kan forstå kildinsamisk som i dag blir snakka i Russland.
Koro-kunstverket ǩiõll mooštast, Språkminne, av Espen Sommer Eide er eit audiovisuelt arkiv som er installert i foajéen på museet. Her blir skoltesamiske ord lesne opp, eitt og eitt, til dei besøkande ved museet. Eide ønsker å utfordre dei dystre spådomane om at skoltesamisk er eit døyande språk. Samtidig har arkiveringa av ord ei dobbeltheit ved seg. Når ein samlar inn brotstykke av ein kultur for bevaring, bygger ein også opp under ideen om ei framtid der kulturen eller språket er borte. På museet blir dei skoltesamiske orda «gitt» til tilskodaren, som slik får i oppgåve å bevare dei for framtida. Gjennom Språkminne blir tilskodaren sjølv ein arkivar for eit skoltesamisk ord, med alt det fører med seg av eventuelle sjølvpålagde arkivarplikter.
Kulturarv og identitet
Skoltesamane utgjer berre 2 % av heile den samiske befolkninga, og er slik sett ein minoritet i ei minoritetsbefolkning. Språk er ein viktig del av identitetsspørsmålet, men absolutt ikkje avgjerande!
Ved ei kunnskapsauke om den skoltesamiske historia og kulturtradisjonane, i både det skoltesamiske samfunnet og i storsamfunnet, styrker ein den samiske identiteten. Gjennom synleggjering av det skoltesamiske språket blir det styrkt og vitalisert, og interessa for språket blir stimulert.
Det er framleis mange stereotypiar om både samar og det samiske, det er derfor viktig å vise kor mangfaldig samisk kultur og identitet er. Det er ei utfordring å samle informasjon og spor av den skoltesamiske kulturen, ein kultur som levde med innstillinga om å ikkje etterlate seg spor!
Teksten er omsett til nynorsk av Nynorsksenteret.