• Blogg
  • Ytring: Korleis styrke det samiske språket?

Ytring: Korleis styrke det samiske språket?

06.02.2019

Samisk Abc

Korleis styrke det samiske språket?

Tekst: Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda

Rett før jul var eg og nokre kollegaer på tur til Sápmi for å læra meir om samisk i skulen og barnehagen. Som gjester i ein samisk barnehage, på Sametinget, på den samiske høgskulen, på hotella i Kautokeino og Karasjok og heime hjå folk, vart me ekstremt godt tekne vare på. Alle snakka språket vårt med oss, og me tenkte ikkje over det.

Så å seia alle samisktalande i Noreg i dag kan også snakka norsk, og i sosiale samanhengar der det er personar som ikkje kan snakka samisk til stades, er det gjerne norsk som vert snakka. Slik var det i den samiske barnehagen, fekk me fortalt av styraren, og me oppdaga det også sjølve då me kom i snakk med ungane. I skulen er det også slik.

Å vera høfleg og tilpassa seg den ein snakkar med er ei dygd, men ei dygd som kan gå utover det samiske språket. Dersom ein skal sikra bruk av og kunnskap/ferdigheiter i samisk, så må nokon planleggja slik at det i løpet av ein dag finst nok situasjonar der det vert snakka samisk til at samiske barn og ungar lærer seg språket flytande og vert vande med å bruka det.

For nokre generasjonar sidan lærte ungane samisk av foreldra. Fornorskingspolitikken øydela denne kunnskapsoverføringa i mange familiar. I dag er det mange foreldre som er samiske og vil at borna skal læra samisk, men som ikkje meistrar språket fullt ut sjølve. Og dessutan – kvar er det ungane brukar det meste av den vakne tida si i dag?

For dei minste er det ofte barnehagen, og for dei større er i alle fall skulen ein stad ein brukar mykje tid. Så då ligg det eit tungt ansvar på barnehagen og skulen for at det samiske språket vert overført til nye generasjonar.

Då er det viktig at det er samisk som vert brukt i den samiske barnehagen og i skulen. Det finst i dag ulike opplæringsmodellar for samisk – samisk som fyrstespråk og som andrespråk. Om ein bur i dei samiske områda og har samisk som fyrstespråk, har ein rett til å gå i ein eigen samisk klasse, undervisninga føregår i utgangspunktet på samisk, i tillegg til at ein har opplæring i samisk (om ein bur utanfor dei samiske områda er reglane litt meir kompliserte, og i praksis er det ofte meir komplisert, særleg for dei som brukar sør- eller lulesamisk). Om ein har samisk som andrespråk, har ein nokre timar samisk i veka og resten av skulegangen på norsk. Språkforskaren Jon Todal har vore med og evaluert dette og funne ut at dei som har samisk som andrespråk, ofte ikkje lærer samisk godt nok til å kunna bruka det som kvardagsspråk. Altså – andrespråksopplæringa fører ikkje til at fleire meistrar og brukar samisk. Samisk som fyrstespråk, derimot, gjev så mykje opplæring, trening og vane med samisk at mange av dei som har det vert verande samisktalande.

Dette er ikkje spesielt for samisk – det er heilt vanleg i språksituasjonar med dominerande og mindre brukte språk, at det dominerande språket trengjer vekk det mindre brukte språket – dersom det ikkje vert regulert, og laga domene eller situasjonar der det mindre brukte språket er det dominerande eller normale. Reindrift har tradisjonelt vore eit slikt domene, og duodji, samisk handverk. Når me no lever i samfunn der utdanningsinstitusjonar (inkludert barnehagen) utgjer ein så stor del av livet til folk, må desse ta ein større del av oppgåva. Difor er kanskje det viktigaste språkstyrkingsarbeidet for samisk at ein har samiske barnehagar der samisk er det normale språket, skular der samisk er det normale språket og også på toppen av utdanningspyramiden, den samiske høgskulen. Der går det studentar frå Noreg, Sverige, Finland og Russland, og samisk fungerer som fellesspråk.

No høyrest det kanskje ut som om det er staten som reddar samisk, gjennom alle desse institusjonane med retningsliner om samiskbruk. Då vil eg minna om at for at desse institusjonane skal fungera, må mange menneske kvar dag gjera aktive val som handlar om å bruka samisk. Ein av desse situasjonane fortalde styraren i den samiske barnehagen me besøkte oss om, då me gav barnehagen ei bok om Bø og Bæ. «Ja, den er det så lite tekst i at den er veldig grei å omsetja når me les», sa ho. Ho fortalde at det gjorde dei ofte når dei las høgt i barnehagen. Samstundes var det ikkje alltid like lett for alle å simultanomsetja frå norsk til samisk når dei las, så i nokre bøker hadde dei omsett teksten til samisk og skrive han på lappar som dei hadde limt inn i boka. Liknande ekstrainnsatsar for at ting skal finnast på samisk gjer lærarar i skulen og tilsette på den samiske høgskulen – og mange andre alminnelege folk som er engasjerte i å ta vare på og føra vidare språket sitt. Så sjølv om det må planlegging på eit overordna nivå til for at samisk skal vera dominerande på ulike samfunnsområde – er sjølve oppretthaldinga av språket på desse områda avhengig av seig innsats frå mange einskildpersonar.

Læhkoeh biejjine – Vuorbbe biejvijn – Lihkku beivviin – Gratulerer med dagen!