Nyttårsopplegg

23.12.2022

Maal for det nye aaret Fargeikon

Nynorsksenteret har fleire ressursar som passar godt til dei fyrste dagane i januar.

Barneskule

Maal for det nye aaret Fargeikon
Velkomen til eit nytt år

I denne ressursen finn de forslag til samtalespørsmål, teikne- og skriveoppgåver om året som var, og året som kjem, fakta om nyttårsløfte og fyrverkeri og oppgåver om substantiv og nynorsk grammatikk. Her er også forslag til eit kunstverk elevane kan lage i kunst og handverk, og eit forsøk de kan gjere i naturfag.

Ungdomsskule

Godt nytt KVADRAT
Godt nytt år! Samtale- og skriveoppgåver om 2022 og 2023

I januar passar det å setje av tid til å reflektere over året som har gått, og det nye året som ventar. I dette læringsopplegget for 8.–10. trinn finn du samtale- og skriveoppgåver som fremjar refleksjon og ettertanke, og som er lette å ta i bruk i klasserommet.

Torkildsen kvadrat
«Heime-aleine-fest», ei novelle av Terje Torkildsen

Terje Torkildsen har på oppdrag for Nynorsksenteret skrive ei novelle for ungdomar. På denne ressurssida finn du forslag til to ulike måtar å arbeide med novella på