Språkplan i vidaregåande – Møre og Romsdal viser veg
18.08.2025

Møre og Romsdal fylkeskommune går føre som eit godt døme på korleis ein kan arbeide målretta med språklege rettar i vidaregåande opplæring. No har dei oppretta ei eiga side på fylkeskommunen sin nettstad om Språkretten i vidaregåande, der elevar, lærarar og føresette finn samla informasjon om både retten til særskilt språkopplæring og retten til å velje mellom bokmål og nynorsk som hovudmål.
Tekst: Jorid Saure
Illustrasjonsfoto: Nynorsksenteret
Sida inneheld også praktiske lenkjer, skjema og rettleiingar, i tillegg til ein eigen språkplan utvikla i samarbeid med Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda. Planen skal bidra til å styrkje språkrettane til alle elevar, med særleg vekt på vilkåra for nynorskelevar.
Du finn også tips til korleis skulen kan fremje bruk av nynorsk i ulike fag, digitale verktøy på nynorsk, og boktips frå nynorskbok.no.
– Språk er viktig for identiteten vår, seier Kristin Glæstad Vonheim, rådgjevar ved seksjon for opplæring i skule ved Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Vi håper at vi med denne språkplanen kan vere ei støtte for lærarane i arbeidet med god språkvariasjon i læringsarbeidet. Målet er at det skal vere enkelt for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt, og at alle elevar skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs både i skulen og i samfunnet.
Les meir på fylkeskommunen si side: Språkretten i vidaregåande