Velkomen til eit nytt år

Den første veka i januar kan det passe å samanfatte opplevingar, hendingar og minne frå det førre året. Samtidig er det ei god tid til å samtale, skrive og teikne om kva forventningar, ønske og tankar elevane har for det nye året.

I den vedlagde presentasjonen finn de forslag til samtalespørsmål, teikneoppgåver og skriveoppgåver om året som var, og året som kjem. De finn fakta om nyttårsløfte og fyrverkeri og oppgåver om substantiv og nynorsk grammatikk. Her er også forslag til eit kunstverk elevane kan lage i kunst og handverk, og eit forsøk de kan gjere i naturfag.

Det er ikkje meininga at ein skal gjere alle oppgåvene. Nokre oppgåver passar best for dei yngste elevane, og nokre oppgåver passar best for dei som er litt større. Du som lærar kan sjølv redigere i presentasjonen og plukke ut og tilpasse oppgåvene slik at dei passar for klassen du underviser i.

I tillegg til presentasjonen er det også laga nokre oppgåveark du kan skrive ut og arbeide med i klassen. Desse oppgåvene handlar om tankar og ønske for det nye året. Nokre oppgåver kastar også eit blikk tilbake på det gamle.

1.–4. trinn

Dette oppgåvearket har boksar som elevane kan skrive eller teikne i. Elevane må tenkje ut ønske og mål dei har for det nye året. Dei kan også fargeleggje arket og dekorere sjølve med små illustrasjonar om dei har lyst til det.

3.–7. trinn

I oppgåvearket «Løfte for det nye året» skal elevane formulere mål og håp dei har for det nye året. Dei skal også reflektere over gode og mindre gode hendingar frå fjoråret.

Burgar

Dette oppgåvearket er ei skriveramme for eit avsnitt i fem setningar. Den første setninga er nyttårsløftet til elevane. Dei tre neste setningane er årsakene til at dei har valt seg dette nyttårsløftet. Til slutt skal dei skrive ei konkluderande setning som summerer opp kvifor dette er eit godt nyttårsløfte for dei. Denne oppgåva kan ein utvide ved å la elevane skrive heile avsnittet som samanhengande tekst. Slike avsnitt, med temasetning, kommentarsetningar og konkluderande setning blir også kalla hamburgaravsnitt (sjå illustrasjon).