Orda vi brukar, kan både glede og såre andre, og dette er det viktig at elevane blir bevisstgjorde på. Dette opplegget nyttar boka Monsterbråk for å gjere elevane meir språkleg bevisste.
I dette opplegget må elevane vere munnlege, og det vert lagt vekt på samarbeid. Gjennom oppgåva må elevane reflektere over orda og språket dei brukar, og om dei endrar val av ord ut ifrå kven som er mottakar.
Teikneserieformatet er fint å starte med når ein skal snakke saman om nynorsk tekst. I dette opplegget syner vi korleis teikneserien Superheltar av Kristoffer Lindseth kan vere utgangspunkt for språksamtalar om ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.