Arbeid med ordklassar

I denne ressursen skal elevane få jobbe med ordklassane substantiv, verb og adjektiv på ein kreativ og aktiv måte.

Oppgåvene kan gjerast som stasjonsoppgåver, som ein del av eit arbeidsprogram eller som ein eigen aktivitet i norsktimen. Nokre av oppgåvene krev litt plass, andre kan gjennomførast ved pulten. Ressursen passar for elevar i 3.–4. klasse, men kan også brukast av eldre elevar.

Elevane treng

  • iPad med
    • appar til skriving, til dømes IntoWords
    • appar til å lage tankekart, til dømes Kidspiration Maps
    • appar til film/biletpresentasjon, til dømes Book Creator, iMovie eller Clips
  • stoppeklokke/tidtakar
  • skrivesaker og fargeblyantar
  • skrivebok
  • teikneark som er delt i remser (Tips: Del eit A4-ark i tre)

Tips: Slik får du nynorsk stavekontroll på iPad

Substantiv

Substantiv kan vi kalle for «ting-ord». Substantiv er namn på ting, personar, stadar eller omgrep. Namn på personar eller stadar skal ha stor forbokstav. Desse orda vert kalla eigennamn eller særnamn.

Oppdrag:

  • Gå på substantiv-jakt i klasserommet, i garderoben, på skuleplassen eller eit anna område læraren bestemmer. (Tidsramme: 5–10 minutt)
  • Ta med deg iPaden og ta bilete av substantiva du ser.
  • Gå tilbake til pulten din. Gjer eitt av alternativa under.
    • Alternativ 1: Book Creator
      • Opprett ei bok i Book Creator.
      • Gje boka ein passande tittel.
      • Legg bileta frå substantiv-jakta inn i boka.
      • Skriv substantiva ved sida av bileta.
      • Lag eit talenotat og sei substantivet.
      • Finn fram skrivebok og skrivesaker.
      • Vel deg ut fem til ti av substantiv-bileta du har funne, og skriv orda i alfabetisk rekkefølge inn i skriveboka di.
    • Alternativ 2: iMovie/Clips
      • Opprett ein film i iMovie/Clips.
      • Legg bileta inn i filmen.
      • Legg til tekst, slik at substantivet står på biletet.
      • Legg til tale/lyd og sei substantivet.
      • Finn fram skrivebok og skrivesaker.
      • Vel deg ut fem til ti av substantiv-bileta du har funne, og skriv orda i alfabetisk rekkefølge inn i skriveboka di.

Fellesoppgåve:

  • Vel ut nokre av substantiva klassen har funne.
  • Bøy substantiva i lag på nynorsk. (Læraren skriv dei opp på tavla.)
  • Korleis vert substantiva bøygde på bokmål?
  • Bøy substantiva på bokmål saman.
  • Kva er likt/ulikt med substantivsbøying på nynorsk og substantivbøying på bokmål?
  • Korleis bøyer vi substantiva dersom vi bøyer dei på dialekta vår?

Til læraren: Her er ein kort film om å samanlikne språk og dialekter. I denne ressursen jobbar elevane med ordklassar, og filmen kan vere eit godt utgangspunkt for korleis ein kan samanlikne ord i ulike dialekter og dei to skriftspråka nynorsk og bokmål. Kva er likt? Kva er ulikt? Har elevane ord i si dialekt som er nynorsknære? Ein kan ta føre seg bøying av både substantiv, verb og adjektiv (både på skriftspråk og dialekt) med denne tanken i bakhovudet. Kontrastiv undervisning er med på å gjere elevane meir språkleg medvitne.

Snakk saman om språk (Språkløyper)

Verb

Verb er ord som fortel kva som skjer, eller kva som blir gjort. Eit verb er eit «gjere-ord».

Oppdrag:

  • Lukk auga og tenk over kva du kan gjere når du er på skulen, både i timane og i friminutta.
  • Bruk ein tankekart-app eller skriveboka di og lag eit tankekart med alle aktivitetane du kan kome på. (Hugs at du også gjer noko når du sit ved pulten din.)
  • Ta fram skriveboka di, eller skriv i eit skriveprogram.
  • Sorter aktivitetane i to grupper:
    • Ute i friminuttet
    • Inne i klasserommet
  • Gjer verba om slik at dei står i fortid. (Dersom du gjorde aktiviteten i går, korleis ville vi sagt verbet då?)
    Døme:
    sitje – sat
    springe – sprang
    lese – las
  • Gå saman med ein læringskamerat og dramatiser fem av verba. Ta tida på stoppeklokka. Det er ikkje lov å snakke / lage lyd, du må berre mime/dramatisere. Læringskameraten må prøve å gjette kva for verb du mimar. Mim/dramatiser annankvar gong. Kor lang tid brukar de på å kome gjennom mimerunden? (Om de vil prøve å gjere det enda raskare, kan de velje ut fem nye verb kvar og ta ein runde til.)

Adjektiv

Adjektivlappar1000

Adjektiv fortel korleis noko ser ut, eller korleis noko er.

Oppdrag:

  • Gå på adjektiv-jakt i klasserommet eller på eit område læraren har bestemt. Ta med deg skrivebok og blyant, og skriv ned så mange adjektiv som du klarer å finne. (Tidsramme: 5–10 minutt)
  • Gå tilbake til pulten din og finn teikneark-remser og fargeblyantar. Du treng også blyant.
  • Vel deg ut nokre adjektiv, eller kom på nye, og skriv eitt adjektiv på kvar teikneark-remse. Adjektivet skal skrivast slik at utforminga speglar ordet.
  • Lag ei utstilling i klasserommet med alle adjektiva.

Skriveoppgåver

  1. Skriv minst tre substantiv, verb og adjektiv som passar til biletet. https://digitaltmuseum.no/0210211471405/barnevogn
  2. Sjå på dette biletet og teksten under. Skriv vidare på forteljinga om Lisa. Hugs å skrive med heile setningar. Når historia er ferdig, kan de ha lesestund og lese forteljingane for kvarandre.
    • Kven er den hemmelege venen til Lisa?
    • Kva for skapning er det?
    • Korleis ser han ut? (Bruk minst fem adjektiv.)
    • Kva likar den hemmelege venen til Lisa å gjere? (Bruk minst fem verb.)
    • Kvar held den hemmelege venen til?
    Sjekkliste når du er ferdig:
    Har du hugsa
    • stor bokstav og punktum
    • minst fem adjektiv
    • minst fem verb
    • stor bokstav i særnamn/eigennamn

Fleire tips og idear

I klasserommet: Å ha plakatar i klasserommet som fortel noko om ordklassane, kan også vere til god hjelp for elevane. Om elevane får vere med på å utforme desse plakatane, får dei meir eigarskap til dei.

  • Del elevane inn i grupper, med 4–5 elevar på kvar gruppe.
  • Fordel ordklassane på gruppene.
  • Saman skal elevane finne ei setning som forklarer kva som kjenneteiknar ordklassen.
  • Elevane må finne passande illustrasjonar til plakatane. Dei kan velje om dei vil teikne, eller om dei vil bruke bilete.
  • Heng plakatane opp i klasserommet slik at dei er godt synlege for elevane.