Slik får du nynorsk stavekontroll på iPad
Dersom du installerer nynorsk tastatur på iPad, gjer det at den innebygde stavekontrollen fungerer på nynorsk, slik at elevane ikkje lenger får raude strekar under dei nynorske orda.
Slik får du det nynorske tastaturet:
- Gå inn på innstillingar (det gråe tannhjulikonet).
- Klikk deg inn på Generelt > Tastatur > Tastaturer.
- Vel tastaturet Norsk nynorsk og legg det øvst i lista. Dersom tastaturet ikkje alt er på lista, trykkjer du på Legg til nytt tastatur.
- Ta bort bokmålstastaturet. Mange elevar kjem ved eit uhell borti knappen som gjer at dei byter tastatur medan dei skriv, men ved å ta bort bokmålstastaturet unngår du det problemet. Du fjernar tastaturet ved å trykkja på rediger og deretter på den raude rundingen med minusteikn til venstre for Norsk bokmål. Trykk på slett og deretter på ferdig.