Snakk saman om språk

Råda er utarbeidde av professor Synnøve Matre i samarbeid med Nynorsksenteret.

Du kan laste ned plakaten i PDF-format og skrive han ut sjølv. Dersom du vil ha eit gratis papireksemplar av plakaten i A3-format, kan du ta kontakt med oss på e-postadressa ror@hivolda.no.

Språkleg mangfald er ein ressurs. Løft fram erfaringane elevane har med språk og bygg vidare på dei når de skal utforske nynorsk.

Gje elevane gode opplevingar med det nynorske språket  

Etabler ein klasseromskultur med plass for samtale om språk
Snakk saman om ord og uttrykk som dukkar opp – frå ulike språk og dialektar. Gjer språklege variasjonar og det språklege mangfaldet til faste samtaleemne i klassen.

La elevane leike med språket og utforske det
Barn er ordsamlarar! La dei få gå på leit etter ord i nynorske tekstar – morosame ord, vanskelege ord, fine ord og typiske nynorske ord. Skriv gjerne dei vanlegaste nynorske orda på lappar, og heng dei opp på veggen i klasserommet (t.d. eg, dei, ikkje, heim, høyre, helsing, frå, draum, auge og kjærleik).

Bruk kompetansen i personalet
Set av tid til å hjelpe kvarandre og dele idear, tekstar­ og erfaringar.

La elevane møte nynorsk kvar dag og i ulike samanhengar
Nynorsk er eit bruksspråk, og elevane må få erfare at det fungerer i kvardagen, til dømes gjennom høgtlesing, song og musikk, meldingar på tavla, vekeplanar og på læringsplattforma. Barna må bli eksponerte for eit språk for å verte gode i det.

La elevane eksperimentere med skriving på nynorsk
På barnetrinnet skal du rose elevane når dei prøver seg som nynorskskrivarar, og ikkje leggje mykje vekt på grammatikk og rettskriving. Det er lov å prøve seg fram!

Inkluder foreldra
Informer dei om den ressursen nynorsk kan vere for barna – i form av mellom anna språkleg medvit og tilgang til den rike nynorske barnelitteraturen. Oppmod dei til å støtte og motivere elevane i oppstarten med nynorsk.

Elevar som får ei leikande og god nynorskopplæring på barneskulen, har eit fortrinn når dei skal skrive lengre og meir krevjande tekstar på ungdomsskulen.