Trill og forklar (sendar–mottakar)

Riho kroll Rg La H00k Z Ok unsplash

Kompetansemål etter 4. trinn:

«Reflektere over korleis språkbruken vår påverkar andre, og korleis vi tilpassar og endrar språket i ulike situasjonar.»

I dette opplegget må elevane vere munnlege, og det vert lagt vekt på samarbeid. Gjennom oppgåva må elevane reflektere over orda og språket dei brukar, og om dei endrar val av ord ut ifrå kven som er mottakar.

Førebuingar

  • Skriv ut arka slik at det er nok til halve klassen. (Dersom ein vil ta ekstra vare på arka, kan det vere lurt å laminere dei.)
  • Finn fram terningar (nok til halve klassen (eller til alle, om de har)).

Gjennomføring

Elevane skal no gå saman to og to. Den eine (elev 1) trillar for å finne ut tema, den andre trillar for å finne ut kven mottakaren skal vere. Elev 1 skal no fortelje om emnet sitt til elev 2.

Elev 1 må då tenke over kor mykje mottakaren (elev 2) veit om dette emnet frå før. Vil det vere naturleg å bruke dei same orda når ein forklarer om 17. mai-feiringa til bestemor som når ein forklarer til ein som kjem frå eit anna land? Kan desse to mottakarane like mykje om emnet? Er det ting som er naudsynt å forklare til den eine, men som vil vere unaturleg å forklare til den andre? (Ein frå eit anna land vil trenge meir informasjon om kva 17. mai faktisk er og kva ein gjer, medan det vil vere meir naturleg å fortelje om andre ting når ein snakkar med bestemor. Bestemor veit at det er vanleg å gå i tog på 17. mai, men for ein frå eit anna land vil dette vere ny informasjon. Kva for eit tog er det forresten snakk om? Er det eit elektrisk tog? Kan ein finne andre ord for å forklare ordet «17. mai-tog»? Vil ein velje dei same orda uansett kven mottakaren er, eller ville ein brukt andre ord til læraren sin enn til venen sin?)

Det er viktig med mykje lærarstøtte i starten, og det er ein klar fordel om ein i plenum har snakka saman om at mottakarar kan ha svært ulike utgangspunkt for ulike emne. Modellering er viktig, og eit tips er at læraren viser korleis ulike mottakarar kan vere. Dette kan gjerast ved at elevane skal forklare noko til læraren, og at læraren stiller spørsmål til avsendaren alt etter kven læraren skal vere.