Orda våre

Ord har makt. Orda vi brukar, kan både glede og såre andre, og dette er det viktig at elevane blir bevisstgjorde på. Lærarstyrt dialog i klasserommet om temaet vil vere med på å gjere elevane meir språkleg bevisste. I LK20 er eit av kompetansemåla etter 2. trinn at elevane skal kunne «samtale om og beskrive korleis ord vi brukar, kan påverke andre». Korleis snakkar vi til kvarandre, og kva ønskjer vi at andre skal seie om oss?

Monsterbraak 1
Illustrasjon: Elise (3. klasse)
Monsterbraak
Monsterbråk

Opplegget under kan knytast direkte til kompetansemålet som er nemnd ovanfor, men det kan også knytast til tverrfagleg tema-arbeid i folkehelse og livsmeistring. I opplegget tek vi utgangspunkt i boka Monsterbråk av Áslaug Jónsdóttir, Kalle Güettler og Rakel Helmsdal.

Boka handlar om to monster som vert ueinige og startar å krangle. Skjellsorda haglar, og det endar til slutt opp med at Veslemonster slår til Storemonster. Då angrar Veslemonster, og vi får eit innblikk i kvar i kroppen angeren kjennest, og kva tankar som herjar i hovudet til Veslemonster. Heldigvis endar boka godt, der dei to monstera gjer opp med kvarandre og vert bestevener att.

Utdrag frå boka finn du på nynorskbok.no, men for å få fullt utbytte av opplegget er det ein fordel å ha tilgang til heile boka. Boka kan du låne på biblioteket.

Første oppdrag: samtale

Snakk saman: Kva gjer vener, og korleis er dei mot kvarandre?

Tips: Lag eit tankekart/oversikt på tavla etter kvart som elevane kjem med innspel.

Andre oppdrag: les

Les boka Monsterbråk høgt for elevane. Vis bileta medan du les.

Tredje oppdrag: ordjakt

Samtale om orda som vert brukte av dei to monstera. Er orda fine eller stygge? Kvifor? Kva kunne blitt sagt i staden? Korleis kunne orda blitt sagde? (Kropp- og stemmebruk)

Tokolonne-skjema: Samle orda monstera seier, i den eine kolonnen, og samle orda for korleis orda vart sagde, i den andre kolonnen.

Eit tomt skjema finn du her: tokolonneskjema.

Kva seier dei to monstera?

Korleis blir orda sagde? / Kva skjer?

Dødskjedeleg

Klumpeduns

Babysko

Persilleskalle

Gammal pølse

Muselortmage

Prompetroll

Baby

Byt bleie!

Ropar

Murrar

Ler høgt

Skrik

Kveser

Freser

Hyler

Gryler

Slår

Dette er ord frå heile boka. Orda i kursiv er orda som de finn dersom de berre har tilgang til utdraget frå nynorskbok.no.

Fjerde oppdrag: samtale om kjensler

Her kan det bli ein fin samtale mellom lærar og elev om at det er lov å vere ueinige, og det er lov å like forskjellige ting. Kan elevane kome på andre måtar å uttrykke dette på enn med orda og uttrykksmåten som Storemonster og Veslemonster brukte?

Snakk om kva som skjer inni oss når vi har krangla med venene våre.

Monsterbraak 2
Illustrasjon: Elise (3. klasse)

Femte oppdrag: teikn to gonger

Forklar at elevane no skal få teikne historia som de har jobba med. Elevane skal få lage to ulike teikningar. Den første teikninga skal vise korleis dei to monstera var mot kvarandre i boka. På det andre teiknearket skal elevane få vise kva dei to monstera heller kunne sagt og gjort då dei vart ueinige. Dei skal altså få lage ei alternativ historie der orda som vert brukte, og måten dei vert sagde på, ikkje skal vere sårande.

Eit tips er å dele ut ark som er delte inn i fire-seks ruter. Då kan elevane enklare dele historia opp. Om du vil, kan du bruke arket som du finn her: Mal

Sjette oppdrag: utstilling

Lag ei utstilling av teikningane. Kanskje kan noko frå boka lagast i kunst og handverk også?