Kartleggingsprøver

Dei nye kartleggingsprøvene i lesing er laga slik at læraren skal få vite kva dei som strevar med lesing, treng å få oppfølging på. Leseprøva er utforma parallelt på nynorsk og bokmål slik at elevane får møte gode og relevante ord og oppgåver, tilpassa skriftspråket sitt. Her på sida finn du oppfølgingsmateriell på nynorsk.

Hausten 2022 vart den nye prøva teken i bruk på 3. trinn, og våren 2023 er prøva klar for 1. trinn. Prøva er digital og med fine og gjennomarbeidde visuelle oppgåver, i tillegg til andre leseoppgåver. Ho tek kortare tid å gjennomføre enn dei tidlegare kartleggingsprøvene gjorde.

Lesesenteret og Nynorsksenteret har samarbeidd om å lage prøva, rettleiings- og oppfølgingsmateriellet. Eit heilskapleg syn på lesing og leseflyt går som ein raud tråd i alt. Læraren har ei viktig oppgåve når det gjeld å setje delferdigheitene inn i ein meiningsfull samanheng for eleven. Å lese med flyt handlar om meir enn å kunne lese utan å stoppe opp. Det handlar om å forstå teksten. I oppfølgingsarbeidet etter 3. trinnsprøva legg vi vekt på korleis lærar kan hjelpe elevar til å få auka leseflyt ved at læraren er med på å byggje bruer inn i teksten.

Du finn kartleggingsprøvene på sida til Utdanningsdirektoratet: Kartleggingsprøver.