Kartleggingsprøver i lesing for 3. trinn
Frå 2022 er kartleggingsprøvene for 3. trinn digitale. Desse leseprøvene er utvikla for å vere treffsikre og gi målretta svar på kva elevane som strevar, treng oppfølging på. Det har også vore eit mål at prøvene skal ta kortare tid å gjennomføre og vere kjekkare å gjennomføre enn dei gamle prøvene. Her på sida finn du oppfølgingsmateriell på nynorsk.
Lesesenteret og Nynorsksenteret har utvikla prøvene på nynorsk og bokmål parallelt. Det tyder at nynorskutgåva er laga samstundes med bokmålsutgåva, ikkje omsett i etterkant. Slik får elevane møte gode og relevante ord og oppgåver, tilpassa skriftspråket sitt. I arbeidsgruppa: Bente Rigmor Walgermo, Per Henning Uppstad, Arild Michel Bakken, Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Anne Marta V. Vadstein.
Informasjon om gjennomføringa og eksempelprøve finn du på https://www.udir.no/eksamen-og-prover/prover/kartlegging-gs/
Oppfølging av elevar som skårar under oppfølgingsgrensa i lesing
Kva tyder resultatvisinga?
Prøva måler fire område:
- språkforståing
- ordlesing
- staving (ordskriving)
- forståing av setningar og tekstar
Figuren viser dei områda knytte til lesing som prøva måler. Figuren viser også at desse områda til saman ikkje dekkjer alt vi kallar lesing. Til dømes blir ikkje motivasjon for lesing målt i denne prøva, sjølv om det er ein viktig faktor for leseutviklinga til elevane. Figuren er altså ikkje ein teoretisk modell av kva lesing er. Les meir om lesing i begynnaropplæringa.
Resultat blir berre viste for det eller dei områda der eleven er mellom dei 20 % lågast presterande.
Oppfølgingsgrensa på 20 % er sett ut frå utprøvingar i eit stort utval norske tredjeklassar; ho byggjer altså ikkje på den prosentvise fordelinga i klassen din.
Korleis kan prøveresultat nyttast i gode tiltak?
Lesing er ein heilskap som viser seg best i leseflyt. Dei områda vi måler i prøva, har innverknad på i kva grad eleven kan tolke og lese tekstar med flyt. For å kunne lese med flyt må du ha forstått meininga i teksten. Same kva for eit område eleven kjem under oppfølgingsgrensa på, vil det derfor vere aktuelt å gå til Bruer inn i teksten-opplegget (sjå under), som legg vekt på denne heilskapen. Samtidig må du ha eit særskilt blikk for dei områda eleven presterte under oppfølgingsgrensa på.
Altså, viss eleven presterer lågt på staving eller ordlesing, må du gi dette området litt meir rom når de arbeider med lesing. Hugs at mens andre elevar i klassen gjerne berre treng eit par øvingar på å innarbeide ein ny arbeidsmåte, treng elevar som strevar med lesing, kanskje så mange som 10 repetisjonar – berre for å innarbeide ein bestemt arbeidsmåte. Eleven kan få meir motivasjon for lesing ved å arbeide med avgrensa tekstar og jobbe med dei mange gonger, med ulikt fokus. Interessante tekstar som vekkjer eleven sin motivasjon, er ein nødvendig inngangsport.
Hugs også at resultatvisinga gjer det mogleg å sjå kva oppgåver eleven fekk til og ikkje, noko som kan gi deg meir presis informasjon om kva eleven får til akkurat no. Sidan elevane følgjer ulike stiar gjennom prøva etter korleis dei presterer, gir desse oppgåvene meir informasjon enn ei prøve som er lik for alle, fordi oppgåvene her er betre tilpassa det lesaren kan få til.
Nyare tilnærmingar til lesing legg vekt på at ein må gi meiningsfull, god og intensiv opplæring til dei som strevar, og ta utgangspunkt i gode og meiningsfulle tekstar i dette arbeidet. Ved å modellere ekstra tydeleg og gjere synleg arbeidsmåtar/strategiar for å lese vanskelege ord, gir vi eleven verktøy for å forstå teksten.
Sjekk om elevane har sikker bokstavkunnskap
For elevar som skårar under oppfølgingsgrensa i ordlesing og staving, bør ein først og fremst undersøke om eleven kan alle bokstavane. Her kan du bruke Lesesenteret si bokstavprøve eller på annan måte sjekke om elevane kan kjenne igjen, hugse og skrive bokstavane og bruke denne kunnskapen når dei les ord. Området som lyser opp, fortel deg kva du skal legge særleg vekt på, eller gi litt større rom, i opplegget.
To tekstar
Nedanfor ser du to tekstar som du kan nytte som del av oppfølgingsarbeidet i klasserommet etter prøva. Tekstane er skrivne av Bjørn Arild Ersland og illustrerte av Kristoffer Kjølberg.
Etter tekstane følgjer nokre døme på bruk av Bruer inn i teksten-korta i klasserommet. For å kome i gang kan du prøve ut det som blir gjort i døma, men seinare brukar du korta på nye tekstar, og utvidar repertoaret ditt av spørsmål.