• Barneskule
  • Årshjul med opplegg for 5.–7. trinn

Årshjul med opplegg for 5.–7. trinn

Illustrasjonsfoto årshjul for 5 til 7 trinn

Her finn du ei oversikt over ressursar for 5.–7. trinn som følgjer året. Nokre undervisningsopplegg har utdrag frå bøker, til andre må ein skaffe bøkene sjølv, på biblioteket eller på Nasjonalbiblioteket.

Skulestart: august og september

På denne tida er det ofte fint vêr, og mange har høve til å komme seg ut frå skulen. Desse ressursane tek utgangspunkt i naturen.

I Insektspodden får elevane studere insekt og deretter lage ein podkast som rapport frå arbeidet.

Stripe

Denne ressursen tek utgangspunkt i ein tekst av Anna R. Folkestad, og inneheld mellom anna ei oppskrift på blåbærmuffins, noko som kan vere kjekt å lage etter ein tur i skog og mark!

Stripe

Dette er eit tverrfagleg opplegg i norsk og kunst og handverk. Det tek utgangspunkt i dikt av Ruth Lillegraven. Temaa i dikta krinsar rundt naturen som alltid er i endring. Elevane skal lese, samtale, oppleve skogen, skrive eigne dikt og måle bilete.

Stripe

Haust: oktober og november

I denne perioden vert det mørkare om kveldane, trea misser blada sine og naturen vert kanskje ein mørkare og farlegare stad? Vi har leita fram ressursar om grøss, spenning og halloween.

Denne ressursen tek utgangspunkt i eit utdrag frå boka Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland. Etter lesing arbeider elevane med å finne skumle avsnitt eller setningar, og dei skal skrive eit samandrag.

Stripe

Grøss og gru-serien er sett saman av fleire lettlesne spenningsbøker for ungdomar. Her finn du både oppgåver, undervisningsopplegg og aktivitetar knytte til desse bøkene.

Stripe

Mange elevar er opptekne av halloween, og her er ei samling aktivitetar, oppgåver og tips til litteratur som høver godt til halloween.

Stripe

I Bok på 1-2-3 får ein lese utdrag frå bøker, samstundes som ein får tips til undervisningsopplegg. Dette undervisningsopplegget inneheld både litterær samtale og skriveverkstad.

Stripe

Slik fiksar du halloween-sminka sjølv er ein artikkel frå nettavisa Framtida, som viser korleis du kan lage spesialeffektar og korleis du kan sminke deg gammal.

Desember: jul og advent

Jula kjem så altfor fort, synest mange – men juletida er også ei koseleg tid med lys, dufter og forventing. Det er mange som tenkjer tilbake til adventsstunder i skulen når dei skal skildre skikkeleg julestemning. Om du treng julekalender, juletips, julesongar og julelitteratur, så finn du det her – alt på nynorsk.

Julekalender 2021 illustrasjonsfoto til nettside

Julekalender

Nynorsksenteret har laga små opplegg som kan gjennomførast i klasserommet i desember. Her kan du plukke ut opplegga som du liker best frå tidlegare år.

Her finn du kalenderen frå 2021.

Her finn du kalenderen frå 2020.

Stripe

Julesongar set ofte i gang julestemninga, og det finst mange nydelege nynorske julesongar. Desse spelelistene på både Spotify og Tidal viser litt av mangfaldet.

Stripe

Juletips frå Nynorsksenteret

Nynorsksenteret tipsar om adventsforteljingar, bøker, teikneseriar og andre tekstar som alle handlar om jul.

Stripe

«Guten med mobiltelefonen» er eit eventyr skrive av Frode Grytten, og det er ei ny utgåve av eit kjent eventyr, nemleg «Piken med svovelstikkene». Forteljinga er henta frå eventyrantologien Ut på eventyr der norske forfattar har samarbeidd med Plan International Norge. I ressursen kan ein lytte til ei innspeling av eventyret, og samanlikne eventyret med det originale.

Stripe

Gamle postkort kan inspirere til å skrive humoristiske kommentarar. Her kan elevane lage humoristiske tekstar til gamle julebilete.

Stripe

Januar: vinter

Velkomen til eit nytt år

I denne ressursen finn de forslag til samtalespørsmål, teikneoppgåver og skriveoppgåver om året som var, og året som kjem. De finn fakta om nyttårsløfte og fyrverkeri og oppgåver om substantiv og nynorsk grammatikk. Her er også forslag til eit kunstverk elevane kan lage i kunst og handverk, og eit forsøk de kan gjere i naturfag.

Stripe

Tid for ti

Januar er midt i den kalde, mørke årstida. Etter friske turar ute i snøen er det godt å setje seg ned med ei god bok, men har du ikkje noko å lese? Då er det godt å ha Tid for ti, ein leseaksjon for 7. trinn, med eigen antologi av nye, nynorske tekstar.

Om du har meldt klassa di på Tid for ti, får du klassesett av antologien, men her på denne nettsida får du alle tekstane, lydinnspelingar av tekstane, aktivitetar og oppgåver. Om det er ei bok elevane vert interesserte i, finn dei ho på biblioteket. Kanskje vil fleire gå saman om å lese same bok? Då kan du lage litteratursirklar i klasserommet!

Stripe

Februar: den samiske nasjonaldagen

No byrjar sola så smått å gjere dagane lysare og lengre. Vi feirar den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Avisa Framtida Junior er ei nettavis for born i alderen 9- 13 år, og artiklane er på nynorsk. I samband med den samiske nasjonaldagen kan ein finne oppdaterte artiklar. Her er nokre artiklar som ein kan bruke i undervisninga, og nokre tips til korleis ein kan arbeide med artiklar på nett. Avisa har også eigne lærarsider.

Stripe

Aktuelle tekstar:
Difor feirar vi samefolkets dag!
Mia driv med reindrift og skodespel
Talet på samiske elevar er det høgaste på over 10 år
Arbeid med nettavis
Tips til samisk veke

Tonje Glimmerdal

Tonje Glimmerdal er ei prislønt barnebok, og eignar seg svært godt til høgtlesing. Tonje Glimmerdal er glad i fart og spenning, både på ski og kjelke! Kanskje kan denne romanen høve til vinterferien? I dette tverrfaglege undervisningsopplegget kan ein lage kart, samtale eller skrive forteljing. Om ein vil arbeide meir med forfattaren Maria Parr, er her eit intervju og podkast med forfattaren.

Stripe

Mars og april: vår, 8. mars og påske

Noreg er eit langstrakt land, og såleis er det svært ulikt når våren kjem. Men påska kjem til same tid i heile landet, med påskeegg, appelsinar og gule påskekyllingar i mengder! Og påska er også ei høgtid der ein kan lese! I mars feirar vi også den internasjonale kvinnedagen.

Kvinnedagen 8.mars

På nettsida til Nynorsksenteret får du tips til korleis ein kan arbeide med markeringa av kvinnedagen.

Lesetips til påske

På nettsida til Nynorsksenteret finn du ei oversikt over nynorske bøker som er ekstra kjekke å lese, inndelt etter alder. Om du likar best å lese krim i påskeferien, finn du ei liste over nynorsk krim for alle aldrar.

Påskelitteratur hovudbilete
Stripe

Skriv ei påskeforteljing

Når ein skal skrive forteljingar, kan det vere god hjelp i ei skriveramme. Skriveramma i denne ressursen hjelper elevane i skriveprosessen.

Stripe

Dei svarte svanene

Krimlitteratur er mykje lesen til påske, og tek ofte utgangspunkt i eit brotsverk. I boka Dei svarte svanene står miljøkriminalitet sentralt i handlinga. Dette tverrfaglege opplegget som er ein del av Bok på 1-2-3, tek utgangspunkt i både norsk og naturfag.

Stripe

Mai: nasjonaldagen 17. mai

Vi markerer nasjonaldagen med song, vaiande flagg og feststemning!

I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar i barneskulen og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.

Stripe
Svanhild Aksnes foto privat

17. mai-tale

Her kan de lese 17. mai-talen til Svanhild frå Dalsfjorden. Kanskje kan denne talen inspirere til skriving av eigne talar?

Stripe

Juni: sommar

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje for elevar frå 1. til 7. trinn. Det er folkebiblioteka som står bak kampanjen, som varer frå juni til august. Elevane kan registrere bøkene dei har lese, og samle poeng. Elevane kan få digitale trofé og hente små premiar på biblioteket.