• Blogg
  • Svanhild skreiv den beste talen

Svanhild skreiv den beste talen

21.05.2021

Svanhild Aksnes foto privat

Svanhild Aksnes (13), som går ved Dalsfjord skule i Volda, vann skrivekonkurransen til Framtida Junior.

– Gratulerer med å vinne skrivekonkurransen til Framtida Junior med tema 17. mai-tale. Kva inspirerte deg til å skrive denne talen?

– Eg vart inspirert av norsklæraren min, Mariann Eikill. Ho la fram denne oppgåva til oss på skulen og oppfordra oss til å gjere ein god og grundig jobb. Ho rettleia oss språkleg sett, innhaldet måtte vi arbeide med sjølve. Det var ein kjekk prosess i klassa, fortel Svanhild Aksnes.

– Det var mange som deltok i konkurransen, og det var eit høgt nivå på talane. Kva trur du gjorde at du vann konkurransen?
Det veit eg ikkje. Kanskje det var tilfeldig? Eller så må det vere noko av innhaldet, dei tenkte kanskje det var godt skrive.

– Korleis var skriveprosessen fram til ferdig tale?
Vi fekk oppgåva om lag tre veker før 17. mai, og starten var litt vanskeleg. Det var ikkje så lett å kome på kva tema eller bodskap eg skulle skrive om. Men når eg starta å skrive, så kom dei ulike ideane fram. Elevane i klassa las kvarandre sine tekstar og gav tilbakemelding til kvarandre. Læraren hjelpte oss litt med det språklege.

– Kva forhold har du til å skrive og lese på nynorsk?
– Nynorsk har eg vakse opp med. Dei fleste rundt meg skriv for det meste nynorsk. Det er naturleg for meg å skrive nynorsk.

– Ønsker du å halde fram å skrive og formidle på nynorsk? Kva typar tekstar og saker inspirerer deg?
Ja. Eg kjem til å halde fram med å skrive på nynorsk. Eg likar å lese generelt. Det er spesielt kjekt når bøkene er på nynorsk. Klima og miljø er saker eg brenn for. No er det i gang eit bondeopprør i landet vårt. Dette synest eg er viktig. Den norske bonden er viktig for landet vårt og miljøet, vi kan ikkje halde fram med å importere store delar av det vi skal ete, vi må dyrke og produsere maten vår sjølve.

Les heile talen her

Vi står her i dag heilt åleine, men saman. Vi er alle samla, men på forskjellige stader.

Vi er Noreg i raudt, kvitt og blått. Men kva er det vi har som ingen andre har? Jo, det er det eg har lyst til å sette i perspektiv i denne tala her. For folk i frå andre land, og til og med folk i frå Noreg seier at om du veks opp eller er født i Noreg så har du vunne i lotto.

Men kva meiner dei eigentleg med det? Det eg trur dei meiner er; dei fine fjella, dei friske fjordane, den reine lufta, dei friske og fine blomane som sprett opp og det fine samhaldet mellom alle folka. Det eg meinar med samhaldet er ikkje alltid at vi er saman døgnet rundt, eller at alle kjenner alle. Men det eg meinar er at vi står saman i viktige kampar, vi hjelper kvarandre, vi lærer av kvarandre og vi lærer kvarandre. Vi i Noreg har eit eineståande vennskap som er kjempeinspirerende for andre.

Visste de at mange andre land misunner Noreg fordi vi er det einaste landet som startar nasjonalsangen vår med «ja»?

Ja, det er eit så fint ord det. Det er så positivt og flott, det er berre så oppkvikkande og fint. Det er liksom ei slags redning, ein bauta.

Og i dag for 207 år på ein liten plass i eit lite land som heiter Noreg, inne i eit lite hus på Eidsvoll satt der 112 menn og sa ja ei grunnlov som har gjort at vi kan stå her saman i dag. Derfor har eg ei oppfordring til det norske folk.

Vi i Noreg har ein av verdas finaste natur, og den oppfordrar eg alle barn og vaksne her i Noreg til å ta vare på. Vi har stått saman gjennom tidlegare kampar som vi har vunne. Og vi står no saman i kampen om å vinne over denne pandemien og vi vil aldri gi opp. Og med det samhaldet vi i Noreg har, er det ei enkel oppgåve. Og atter ein gong kan eg seia gratulerer med dagen Noreg.

Av Svanhild Aksnes