• Barneskule
  • Årshjul med opplegg for 1.–4. trinn

Årshjul med opplegg for 1.–4. trinn

Her finn du ei oversikt over opplegg for 1.–4. trinn som følgjer året.

Skulestart: august/september

På denne tida bognar det av frukt i hagane og bær i skogen, og ofte er det fint å vere ute. Nynorsksenteret har mange undervisningsressursar som tek utgangspunkt i naturen, og dei kan godt brukast utandørs. Desse ressursane fylgjer årstidene med boktips og undervisingsopplegg. Tunkatten Lurivar har også ei eiga songbok, med mange songar som høver til ulike årstider.

Bokstavsommaren

Bokstavsommaren er ei bok av Erna Osland og Inger Lise Belsvik. Kvar bokstav har sin eigen tekst. Sjølvsagt kan ein lese om alle bokstavane, men i dette tverrfaglege Bok på 1-2-3-opplegget kan ein ta ein tur ut, til dømes i fjøra, lese tekstane og deretter lage «landkunst» eller «landart» av bokstavane eller anna innhald frå tekstane. Ein annan aktivitet kan vere å plukke plast.

Stripe

Huldra Hildur

I dette tverrfaglege Bok på 1-2-3-opplegget får vi oppleve musikk og magi på setra. Vi får lese om dei underjordiske, og kanskje møter vi huldra? Boka inneheld mange songar, og gjennom lydfiler og filmar er det enkelt å syngje med.

Stripe

Brettebøker

Nynorsksenteret har mange brettebøker med korte tekstar som kan brettast til ei lita bok. Desse tekstane kan brukast på mange måtar. Dei kan vere modellar for skriving, eller ein kan lese tekstane på skjerm. Elevane kan også lage eigne illustrasjonar til tekstane. Denne bretteboka handlar om å få vener når ein byrjar på skulen, og finst både som skjermtekst og som brettebok.

Stripe

Treng du bøker til høgtlesing?

nynorskbok.no og lesedigg.no kan ein finne tips til bøker som høver for barn i ulike aldrar. Bøkene om Teo kan til dømes passe fint som høgtlesingsbøker gjennom det første skuleåret.

Haust: oktober/november

Kva er regnet?

Nedbør er eit velkjent fenomen om hausten, og Oskar Stein Bjørlykke har blitt inspirert til å skrive dikt om regnet. Denne animasjonsfilmen som er laga av Martine Grande, er sett saman av barneteikningar. Filmen kan brukast som han er, men kanskje har de lyst å gjere noko liknande?

Det finst mange program på PC eller nettbrett som kan lage liknande filmar. Programma, https://www.wickeditor.com/editor/ eller https://sketch.metademolab.com/ , kan vere ein stad å byrje. Ein kan teikne bakgrunnar og legge dei inn i PowerPoint, og deretter legge dei animerte figurane over bakgrunnsteikningane. Når ein så gjer eit skjermopptak av PowerPoint-presentasjonen, har ein laga ein fin og enkel animasjonsfilm!

Stripe

Framtida Junior

I oktober er det tydeleg at hausten har kome. Framtida Junior er ei nynorsk avis for born i alderen 9–13 år, og denne teksten handlar om haustaktivitetar. Her får du forslag om turar ut og forteljestunder i haustmørket. Teksten kan vere aktuell for born i fleire aldrar, og kan til dømes nyttast som ein faglesetekst.

Tverrfagleg opplegg om hausten

Nynorsksenteret har laga eit tverrfagleg undervisningsopplegg som tek utgangspunkt i tre dikt. Det er to nynorske dikt av Ruth Lillegraven og Jon Fosse, og eitt på bokmål av Arild Nyquist. Utifrå desse dikta arbeider elevane med skriving, språk, lesing, framføringar, musikk og måleri. Det ligg ferdige presentasjonar som ein kan tilpasse nivået i eiga klasse.

Stripe

I boka Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar av Martine Grande, møter vi ein kakerlakk som spring naken omkring og er lykkeleg – så lenge det er sommar. Men når hausten kjem, sloknar sola både ute, og inne i kakerlakken. Det er også laga ei brettebok med teikningar av kakerlakken.

Stripe
Halloweenlesing 2
Stripe

Halloween

Mange elevar ser fram til mørkare kveldar, graskarlykter og halloween. På denne samlesida finn du leitekryss, teikneoppgåver og boktips til halloween-feiringa. Nynorsksenteret har samla alle ressursane sine om halloween her.

Om du har lyst til å lese ei spanande bok til halloween, kan du gjerne hente fram Monsterboka. Monsterboka er ei samling forteljingar om monster. Historiene er illustrerte med variasjon, slik at alle dei ulike monstera får kvar sine identitetar og personlegdomar i samspel med tekstane. Mellom dei som skriv, er forfattarar som Ingelin Røssland, Lars Mæhle, Ruth Lillegraven og Linn T. Sunne. Det finst også eit undervisningsopplegg til ei av forteljingane, «Grunna».

Den mystiske skulen

Den mystiske skulen er ein bokserie med tre bøker: Ånda i glaset, Spøkelseshunden og Svartedama.
Dette er spennande forteljingar med passelege mengder grøss og gru. Du finn utdrag frå bøkene her. Om du vil ha fleire tips til grøssarar, kan du gjere eit søk på nynorskbok.no. Der finn du fleire forslag. Nettstaden Lesedigg kan også vere til hjelp dersom elevar ynskjer boktips. Her kan ein også søkje på vanskegrad, lengde og kor mange bilete ein vil ha i boka.

Reisa til verdas farlegaste land

I Bok på 1-2-3 får ein lese utdrag frå bøker, samstundes som ein får tips til undervisningsopplegg. Dette undervisningsopplegget inneheld både litterær samtale og ein skriveverkstad. Det passar best for 4. trinn og oppover, men om ein lagar eiga grøss-og-gru-bok, kan elevane teikne og skrive tekst sjølve, eller nytte til dømes Book Creator. Teikneserieverktøy som for eksempel Creaza, er også ei moglegheit. Her er også fargeleggingsark frå boka (PDF).

Stripe
Stripe
Julebil

Desember: jul og advent

Desember kjem med peparkaker, lys og stemning. Snart er det full fart med adventskalendrar, julepynt og julebakst. Du finn språklege førjulsaktivetatar på nettsidene til Nynorsksenteret. Her finn du dei tidlegare adventskalendrane som Nynorsksenteret har laga i 2020 og 2021. Aktivitetane spenner frå boktips til bingo.

Julemusikk

Songen om Sankta Lucia finn du i nynorskutgåve, med og utan song, i songboka til tunkatten Lurivar. Her er også eit arbeidsark om Sankta Lucia. I songboka til Tunkatten finn du også andre stemningsfulle songar til jul og advent.

Det finst mange vakre, nynorske julesongar, og her er eit lite utval på Spotify og Tidal. NRK Super har også laga ein julesong på nynorsk.

Lucia

Bøker med juletema

I denne bokmeldinga finn du eit utdrag frå boka Julemysteriet, som kan høve for høgtlesing i adventstida. Boka Eit hjarte til jul har eit alvorleg tema, nemleg ein hjartetransplantasjon, men krinsar også rundt forventing og spenning rundt julefeiringa. Boka har svært vakre illustrasjonar, og utdraget frå boka kan lett visast på storskjerm.

Du og eg er ei bok av Erna Osland som handlar om ein skummel rev, ein langbeint elg og vinterskogen. Men den handlar aller mest om to harar som vert vener og som finn julefred.

I boka Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari Stai vil dei to venene skaffe seg ein ny sambuar. Dei møter ein velkjend kar med raude klede og kvitt skjegg. Til denne boka finst det både eit tverrfagleg undervisningsopplegg, fargeleggingsark og utdrag frå boka.

Bokkalender

Bokkalender i klasserommet

Kvifor ikkje lage ein lesekalender i adventstida? Lån 24 biletbøker på biblioteket, pakk dei inn, og les ei bok høgt kvar dag fram mot julaftan.

Juleaktivitetar

Julelekkjer vert det aldri for mange av. Desse lekkjene er dekorative og lette å lage. Framgangsmåten kan også vere ei kjekk leseøving.

Alle vert glade for å få julekort! I tillegg til å pryde peishyllene, kan dei også gje høve til å skrive for ein ekte mottakar! Framtida Junior viser deg korleis du kan lage julekort i denne videoen.

Januar: vinter

Velkomen til eit nytt år

I denne ressursen finn de forslag til samtalespørsmål, teikneoppgåver og skriveoppgåver om året som var, og året som kjem. De finn fakta om nyttårsløfte og fyrverkeri og oppgåver om substantiv og nynorsk grammatikk. Her er også forslag til eit kunstverk elevane kan lage i kunst og handverk, og eit forsøk de kan gjere i naturfag.

Stripe

Frosken om vinteren

Januar kan vere mørk og kald, naturen søv, og vi lengtar alle mot varmare tider. Frosken om vinteren er eit Bok på 1-2-3-opplegg. Opplegget er tverrfagleg og tek utgangspunkt i faga norsk, musikk og kunst og handverk. I tillegg til å lese boka kan elevane flette venskapsband og synge vintersongar frå songboka til Tunkatten Lurivar.

Stripe

Februar: samisk nasjonaldag og vinterferie

Snøleikar på nynorsk!

Framtida Junior har mange interessante artiklar, og i februar kan det vere kjekt å lese om tips til snøleikar.

Gut som lagar snøball

Sledehunden Foxi
I samband med årstida vinter, høver det godt å lese boka om sledehunden Foxi. Dette er ei sakprosabok for born i alderen 9–12 år. Boka går føre seg på Svalbard, og ho eignar seg godt til høgtlesing. Boka kan også brukast i tverrfaglege tema som berekraft, folkehelse og livsmeistring og naturfag.

Stripe
Samisk mat foto Reidun Kydland

Samisk nasjonaldag 6. februar

Til Kautokeino er ei brettebok som elevane kan brette, og kanskje fargelegge eller laga eigne illustrasjonar til? Boka handlar om venskap, og ei jente som lengtar til Kautokeino, midnattssol, reinsdyrflokkar og venen sin, Matti.

Stripe

Tonje Glimmerdal er ei kjend og populær bok av Maria Parr, og boka høver særs godt som høgtlesingsbok frå 1. trinn og oppover. Bok på 1-2-3 har eit tverrfagleg undervisningsopplegg til boka, og her må ein sjølv velje kva aktivitetar som passar til elevgruppa ein har.

Stripe

Mars/april: påske og vår

Påskebok

Jakt etter påskeord

Vil du leite etter påskeord? Her finn du eit arbeidsark med fasit, der elevane kan leite etter påskeord.

Påskekylling

Vil du lage ein påskekylling med elevane dine? Framtida Junior har ei oppskrift på ein gul og loden påskekylling. La elevane lese oppskrifta, og kanskje kan dei lage eigne oppskrifter etter mønsteret frå avisa?

Påskepynt av natrondeig

Har du prøvd å lage figurar av natrondeig? Framtida Junior har oppskrift på natrondeig på nynorsk! Oppskrifter kan vere fine lesetekstar og gir trening i å fylgje punkt for punkt. Det er tydeleg kva som er målet med lesinga, og lesing av slike tekstar kan også vere ein fin måte å vise leseforståing. Figurane som ein lagar, kan målast og hengast opp etter at dei er steikte.

Norsk flagg

Mai: nasjonaldagen 17. mai

17. mai er festdagen over alle! Med flagg, is, pølser, bunad og barnetog er det mykje å gle seg til! Det er absolutt grunn til å markere dagen på skulen også! Mange skular lagar ein temadag i samband med 17. mai-feiringa, og i dette tverrfaglege opplegget finn du mange ulike aktivitetar som boktips, songar, skriveoppgåver, stasjonsundervisningsoppgåver og andre aktivitetar.

Himmelspringaren

I mai er det mange dyr som får sleppe ut på beite. Grøne bakkar med yndige lam prydar landskapet mange stader i Noreg. Boka Himmelspringaren handlar om lam, men også om å skilje seg ut, og at det å vere annleis kan vere ein styrke. Dette Bok på 1-2-3-opplegget er tverrfagleg og tek utgangspunkt i temaet «Folkehelse og livsmeistring». Men temaet dreg også vekslar på fag som norsk, KRLE og kunst og handverk. Les boka, og set av rikeleg tid til lesestopp undervegs. Kanskje kan ein tove fine lam av ull og henge opp i klasserommet? Denne episoden frå NRK Super-serien «Marit og dyra» kan høve som førlesingsaktivitet.

Stripe

Bjørkebokstavar

Eit anna tydeleg vårteikn er nye, grøne blad på trea! Boka Bjørkebokstavar er ei diktsamling av Hilde Myklebust. Du kan finne nokre pdf-bilete frå boka her, samt eit tverrfagleg opplegg i Bok på 1-2-3. Undervisningsopplegget tek utgangspunkt i faga norsk, naturfag og KRLE. Elevane får lese, samtale og delta på ein «Bjørkebokstavbingo», som også er ein natursti ute i naturen. Opplegget inneheld også tips om korleis ein kan lage brus av bjørkeblad.

Stripe

Juni: sommar

Juni kjem med lyse netter under lauvtunge tre, og skuleåret lir mot slutten. Framtida Junior har samla nokre kjekke sommaraktivitetar som kan prøvast ut, mellom anna finst det ein kjekk turbingo på sida. Artikkelen kan også høve som lesetekst.

Ylva og villgeitene er ei vakker biletbok om Ylva og pappa som reiser til sommarhuset ved havet. I dette opplegget i Bok på 1-2-3 får ein lese boka med lesestopp, og deretter arbeide med både geologi og meteorologi. Om ein vil arbeide meir med temaet «hav», har bladet Nysgjerrigper eit fint, nynorsk opplegg om havet for 1. til 7. trinn.

Og så kan sommaren begynne er ei brettebok. Den handlar om Youssuf og Eva som har avtalt å verte kjærastar når sommaren byrjar. Bretteboka kan nyttast som lesetekst, eller som ei lita kunst-og-handverk-oppgåve.

Og så var sommaren komen! Lange, lyse, ubrukte dagar som ein kan fylle med alt ein har lyst til! Og kanskje har du lyst til å lese? Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for alle born i 1. – 7. trinn som biblioteka arrangerer. Den varer frå 1. juni til 31. august. Ta ein tur på biblioteket, finn gode nynorske bøker og oppfordre dei føresette til å melde barna sine på Sommarles før ferien byrjar.

Lesing Ylva Og Villgeitene