Haust – eit tverrfagleg opplegg for barneskulen

Jerome prax cr6 U8ilcd Ic unsplash til nettside

Gjennom å arbeide med tre ulike dikt om hausten får elevane ulike erfaringar med å lese for å oppleve. Elevane målar bilete, samanliknar ord og dikt, skriv eigne dikt og deltar i framføringar.

På denne måten får elevane vise fram førestillingane dei lagar i samspel med tekstane. Samstundes som elevane les for å oppleve, vert elevane gjorde merksame på verkemiddelet besjeling, og dei får prøve ut dette verkemiddelet i eiga skriving. Delar av opplegget passar fint til uteskule.

Læringsopplegget inneheld både samarbeidsoppgåver og eige arbeid, og det er lett å ta i bruk. Læraren kan tilpasse både lengda og innhaldet i arbeidet etter eige ønske.

Læringsopplegget høver både for elevar som har nynorsk som hovudmål, og for elevar som har nynorsk som sidemål. Arbeidet kan gjerne leggjast opp som eit tverrfagleg samarbeid mellom norsk, musikk og kunst og handverk.

Kva er målet med arbeidet?

Målet med arbeidet er å lese ulike tekstar og å få erfaring med ein estetisk lesemåte. Det vil seie at vi les for å oppleve teksten gjennom sansane og for å oppleve ulike kjensler som teksten skapar i oss. I læreplanen står det at norskfaget skal gje elevane litterære opplevingar og moglegheiter til å utrykkje seg kreativt og skapande. Vidare står det at elevane skal lese tekstar for å oppleve, for å bli engasjerte, undre seg og lære. Elevane får også delta i norskfaglege samtalar.

Gjennom dette arbeidet får elevane lese lyrikk på både bokmål og nynorsk, og samtale om form og innhald. Diktet «Haust» av Ruth Lillegraven og songteksten «Haust» av Jon Fosse viser nynorsk skriftkultur og korleis det nynorske språket vert nytta i dikt. Eit utdrag frå «Årets tider» av Arild Nyquist, som er skrive på bokmål, vert samanlikna med nynorsken i dei to andre dikta. Elevane får også leike med det nynorske språket og prøve ut verkemiddelet besjeling sjølve. Sidan vi arbeider med dikta på ulike måtar, gjennom mange fag og over tid, kan ein seie at arbeidet også er eit eksempel på djupnelæring.

Forslag til introduksjon:

På ein haustdag tek ein med elevane ut i skogen, eller ein stad der det er tre. Alle elevane har med papir og blyant, og gjerne sitjeunderlag. Læraren delar ut papir med instruksjonar. På papiret er det instruksjon og plass til å skrive. Det vidare arbeidet kan vere inne i klasserommet eller ute. Skal ein vere ute, må ein ta med litt utstyr: pdf av PowerPoint-presentasjonen , målarsaker og papir, og diktet «Haust» av Ruth Lillegraven som du finn her. Arbeidsgangen finn du i PowerPoint-fila:

Songen "Haust"

Lytt til songen «Haust» av Jon Fosse, tonesett av Gabriel Fliflet. Del gjerne ut teksten til kvar elev. Arbeidet med dette diktet finn du i denne Powerpoint-fila:

Leseteater

Lurer du på kva leseteater er? Her er ein film som gjev deg ein idé. Del elevane inn i grupper på 3–4. La dei trekke eller velje eitt av dikta. No skal dei lage ei framføring av diktet dei har valt. Elevane må passe på at teksten kjem fram. Ver gjerne programleiar, og lag stemning rundt framføringa. Vidare instruksar finn du i denne Powerpoint-fila:

Samanlikning bokmål–nynorsk

Les første del av diktet «Årets tider» av Arild Nyquist. Det finn du her.

Vi samanliknar nokre ord på nynorsk og bokmål, og deretter får elevane prøve seg som omsetjarar. Powerpoint-fila finn du her:

Venndiagram

Her kunne ein også samanlikna alle tre dikta. Kva er likt? Kva er ulikt? Ein kan til dømes bruke eit venndiagram.

Stripe

Skrive eigne dikt

Etter inspirasjon og mønster frå dikta vi har lese, skal elevane skrive eigne tekstar. Dersom det er vanskeleg å komme i gang, eller ein har elevar som treng ekstra støtte, kan ein bruke dikta som skriveramme. Ein kan byte ut «hausten» i eit av dikta og setje inn til dømes «natta» (natta spring gjennom skogen, stel lyset og kjem med mørkret ...). La elevane skrive åleine, men ikkje for lenge. Elevane treng ikkje å vere heilt ferdige før dei gjev respons til kvarandre. Etter at elevane har skrive ferdig, kan læraren gje sin respons. Når dikta er ferdige, kan ein ha ei ny framføring, eller henge dei opp i klasserommet saman med bileta elevane har måla. Her finn du opplegget: