Sidemål 5.–7. trinn
Barn er nysgjerrige på språk, og gjennom å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei både språkkompetanse og språkleg medvit.
Læreplanen legg opp til ein progresjon frå å lytte til tekstar på sidemålet (1.–2. steget) til å lese sjølve (3.–4. steget) og til deretter å skrive på sidemålet (5.–7. steget). Elevane på 5.–7. steget skal eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål, lese eit breitt utval tekstar på nynorsk og bokmål og samanlikne nynorsk, bokmål og dialektar.
Her finn du undervisingsopplegg, fagstoff og tips til god nynorskopplæring på 5.–7. trinn, for elevar med bokmål som hovudmål.





