Springediktat

Springing

Dette opplegget kan gjennomførast både inne og ute – gjerne med god avstand mellom elevane. Læraren førebur ei ordliste med ord som skal øvast på. Det kan vere ord frå ein tekst de arbeider med, eller de kan bruke eitt av forslaga som ligg nedst i denne ressursen.

  • Læraren fordeler tre elevar på kvart lag, og dei/læraren vel kven som skal vere orakel, bodberar og skribent. Orakla stiller seg i den eine enden av klasserommet eller skuleplassen og får utdelt ein kopi av ordlista. Skribentane gjer seg klare i den andre enden av klasserommet eller skuleplassen, utrusta med notatblokk og noko å skrive med. Bodberarane går bort til kvart sitt orakel.
  • Når læraren gir teikn, begynner konkurransen: Orakla kviskrar eller seier lågt det første ordet til bodberaren, som må høyre godt etter, hugse ordet, springe bort til skribenten og seie ordet til skribenten. Her må ein også få med seg korleis ordet vert skrive, sidan det gjeld at ordet er rett skrive for å få poeng.
  • Når skribenten har notert ordet, spring bodberaren tilbake til orakelet for å hente neste ord, og så bortetter. Når skribenten har notert alle orda ropar han/ho «LAG A – FERDIG!». Læraren noterer tida til laget.
  • Når alle laga er ferdige, kan vinnaren kårast: Laga får eitt poeng for kvart ord som er rett skrive, og dei tre raskaste laga får høvesvis tre, to og eitt poeng i tempobonus.
  • Gå gjennom orda i fellesskap, samanlikn orda på nynorsk og bokmål. Er nokon av orda like på bokmål og nynorsk? Kva er annleis? Er nokon av orda like, men blir bøygde ulikt?

Tips til læraren: «Jobben» som bodberar eignar seg godt for fagleg sterke elevar, då bodberaren både må høyre godt etter, hugse og formidle ordet rett til skribenten.

Ressursen er lånt frå Framandspråksenteret, med løyve. Nynorsksenteret har tilrettelagt opplegget for elevar på mellomsteget som har nynorsk som sidemål.

Ordliste til springediktat

Alternativ 1: 

  • Korleis
  • Leike
  • Mangfald
  • Kvifor
  • Særleg
  • Omsyn
  • Kjærleik
  • Fleire
  • Eple

Alternativ 2: 

  • Kva
  • Drake
  • Meining
  • Hugse
  • Vatn
  • Sjå
  • Glas
  • Springe
  • Brua

Alternativ 3:

  • Slalåm
  • Køyre
  • Auge
  • Høyre
  • Vaksen
  • Hemmeleg
  • Hand
  • Gjere
  • Teikneserie