Sidemål 1.–4. trinn
Barn er nysgjerrige på språk, og gjennom å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei både språkkompetanse og språkleg medvit. I denne samanhengen er arbeidet med dei to norske målformene ein ressurs. Elevar som har bokmål som hovudmål, skal byrje tidleg med nynorsk. Læreplanen legg opp til ein progresjon på 1.–4. trinn: Elevane skal bli lesne for på sidemål dei to første skuleåra. I tillegg skal dei samtale om omgrepa dialekt, nynorsk og bokmål. På tredje og fjerde trinn skal elevane lese sjølve på sidemål og samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid.






