Bok i bruk: Flekkmonsteret bygger harefelle

​Om boka

Vetle og Hallgeir Opedal
Samlaget, 2007, 2. utg.

Ein dag bestemmer det vesle Flekkmonsteret seg for å byggje ei harefelle. Han går frå den vesle mosehytta si på fjellet til biblioteket i bygda for å finne ut korleis ein kan lage ei harefelle. Flekkmonsteret er kjøtsvolten, og no gler han seg til å setje tennene i ein mør og saftig hare. Fella fungerer på eit vis, snart har det eine dyret etter det andre falle i fella, unnateke haren. Faktisk er dei ein heil gjeng samla til slutt, der nede i gropa i bakken. Men korleis skal dei no kome seg opp?

Boka eignar seg godt som utgangspunkt for høgtlesing og arbeid med tekst og bilete. Illustrasjonane er styggfine, dei er fargerike og energiske og utfyller teksten. I tillegg har forfattarane valt ulike fontar og skriftstorleikar på viktige ord, noko som gjer det enklare å få med seg akkurat desse. Historia er humoristisk og full av rare ord og nonsens, noko som held på merksemda til lesaren heilt til siste side.

Det endar så klart godt i forteljinga. Haren vert ikkje middagsmat, og Flekkmonsteret får sansen for vennskap. Han går til slutt på biblioteket for å låne ei bok om korleis ein kan byggje ei vennefelle.


Bok-i-bruk, 1.–4. trinn.

Du står fritt til å bruke heile eller delar av opplegget, alt etter kvar elevane er komne. Boka kan godt brukast på 1.4. trinn, men med tilpassing til skrivedugleik og alder. 

1. Les boka i gruppa

Alternative lesestunder:

  • Les boka i ei lita gruppe så alle ser illustrasjonane.
  • Lån fleire eksemplar av boka så elevane kan bla i boka og sjå på bileta etter lesestunda.
  • Sjå animasjonsfilmen.

2. Snakk saman om dei som går i fella til Flekkmonsteret

Skriv alle namna på tavla, og snakk om dei ulike dyra.

3. Vennefelle

Flekkmonsteret vil byggje ei vennefelle. Korleis kan ei slik felle vere? 

Idéfase: Alle elevane får ein kvit lapp der dei skal skrive eit stikkord eller ei setning om kva som kan vere viktig i ei vennefelle. Kanskje dei kan skrive noko som kan lokke nokon i fella, som «popcorn», «fotball» eller namn på andre dyr Flekkmonsteret kunne blitt venn med, som «hunden Hoppeloppe». Elevane krøllar saman lappen sin og blir delt i to «lag» i klasserommet. På 1-2-3 kastar elevane dei kvite «snøballane» på kvarandre og rundt i klasserommet. Når læraren seier i frå, tek alle seg ein lapp og set seg ved pulten. Kvar elev les opp det som står på den lappen dei enda opp med, og læraren skriv på tavla.  

4. Skriveøkt

Elevane skriv individuelt, med inspirasjon frå stikkorda på tavla, ein tekst der dei sjølve er Flekkmonsteret. Tittel: «Flekkmonsteret bygger vennefelle». Aktuelle igangsetjarar:

  1. Det var ein gong eg skulle bygge meg ei vennefelle …
  2. Eg hadde lyst på fleire venner fordi …
  3. På biblioteket lånte eg ei bok som heitte … og som handla om det å lage ei vennefelle. Der sto det …
  4. Eg laga vennefella ved å  …
  5. Etter at fella var ferdig laga, …
  6. Desse gjekk/gjekk ikkje i fella mi: …
  7. Eg er glad/lei for at eg laga ei vennefelle, fordi …

5. Illustrere forteljinga

6. Heng opp alle vennefelleforteljingane på veggen i klasserommet eller fellesarealet

Barneteater

Om de vil jobbe meir med boka kan kanskje denne episoden av Klart eg kan!, frå NRK Super, vere til inspirasjon?

Klart eg kan!

Her skal Lea vere med på barneteater for første gong, og dei skal spele historia om Flekkmonsteret.