Haugtussa som barnelitteratur

I ein treårsperiode skoleåra 2005–2008 var barna som då gjekk i 2.–4. klasse på Våland skole i Stavanger, med på eit språk-, kultur- og litteraturprosjekt støtta av Nynorsksenteret. Tittelen på prosjektet var «Haugtussa som barnelitteratur».

Tekst: Lise Lunde Nilsen, Våland skole

Me var tre lærarar som ville prøva å arbeida med nynorsk som sidemål så tidleg som mogleg og så naturleg som mogleg. Me trudde det ville bli lettast med å bruka litterære tekstar, og me valde tekstar frå Haugtussa. Prosjektet fekk tittelen «Haugtussa som barnelitteratur», og me hadde historia om den synske jenta Veslemøy frå Arne Garborgs Haugtussa (1895) som ei gjennomgåande historie i treårsperioden. Barna fekk læra om livet på Jæren for over hundre år sidan. Veslemøy var synsk og kjende dei underjordiske, difor fekk ho kallenamnet «Haugtussa». Eit større emne i prosjektet var å læra barna om norsk overtru. Mykje av arbeidet blei gjort gjennom arbeidsmetoden storyline.

Men hovudformålet med prosjektet var sjølvsagt at barna skulle få lesa tekstar frå Haugtussa, og at tekstane var på nynorsk. Då me starta i 2. klasse, hadde dei fleste barna knekt lesekoden, men ikkje alle var gode lesarar­ enno. Arbeidet for oss lærarar blei først og fremst å fortelja om Veslemøy, samstundes som barna etter kvart skulle få lesa tekstane.

Blåbærli og bokstavrim

I denne vesle artikkelen skal eg visa korleis ein kan arbeida med ein av tekstane (Blåbærli) samstundes som ein arbeider med andre tekstar.

Veslemøy i blåbærlia

På ettersommaren då barna hadde begynt i 2. klasse, snakka me ein dag om alle dei gode bæra me kan finna ute i naturen. Eg fortalde at eg var spesielt glad i blåbær, og så fortalde eg at for om lag hundre år sidan var det ei gjetarjente som blei så glad då ho såg alle blåbæra i lia der ho gjette, at ho sette seg rett ned og sa til dyra at no skulle dei vera her heilt til kvelden, for no skulle dei eta seg mette. Eg las første strofa i diktet for barna:

Nei sjå kor det blånar her! 
No må me roa oss, kyra! 
Å nei, slike fine bær; 
og dei som det berre kryr av! 
Nei, maken hev eg ’kje sett! 
Sumt godt her er då til fjells. 
No vil eg eta meg mett; 
her vil me vera til kvelds.

På førehand hadde eg limt inn denne strofa i barna sine eigne Haugtussa-bøker, og barna fekk måla blåbærlia som illustrasjon til teksten.­ Eg las denne teksten fleire gonger i løpet av ettersommaren, og etter ei stund kunne dei fleste barna han utanboks.

Blåbærli Utsnitt
Barna fekk måla blåbærlia som illustrasjon til teksten.

Det skulle gå eit heilt år før eg let barna lesa og arbeida med resten av teksten «Blåbærli». I mellomtida fekk barna gjera seg kjende med Veslemøy gjennom andre tekstar, og heile tida fortalde me lærarar om Veslemøy og livet hennar. Tekstane til Arne Garborg har mange flotte allitterasjonar. Me gjorde barna merksame­ på desse, og det var kjekt for barna å finna dei og arbeida med dei sjølve. Eg brukte både omgrepa bokstavrim og allitterasjonar.

I teksten «Killingdans» finn me til dømes mange allitterasjonar som barna mora seg med. Nokre døme:

  • hipp og hoppe
  • tipp og toppe
  • trapp og tralle
  • nupp i nakken

Denne teksten har òg mange tøyseord, enderim og er svært rytmisk, så det er ein framifrå tekst å bruka med dei minste barna i skolen. Kvar gong barna blei presenterte for ein ny tekst, visste dei at dei mellom anna skulle sjå etter bokstavrim. Barna likte best å bruka framandordet allitterasjon. Me såg til dømes på diktet «Trolldans»:

Det klakkar i berg og bru
av hov og av hestesko;
det tråvar om stein og stuv,
det trippar av klauv og klo;
og som når vindkast av kam
set skodda i flog og flaum,
så yrer trollstimen fram
i veltande straum …

Barna fann fort desse bokstavrima: 

  • berg og bru
  • hov og av hestesko
  • stein og stuv
  • flog og flaum

Barna lagar tekstar med allitterasjonar

I begynninga av tredje skoleår snakka me igjen om blåbærlia til Veslemøy. No hadde me lærar­ar limt inn alle strofene i diktet, og me let barna lesa heile teksten. Barna fann fort «stygge skrubb» og «reven raud», men dei var kan henda mest opptekne av at Jon «fekk seg ein på sin trut, men helst på ein annan måte».

Etter ein tur til Snorestad på Jæren der barna skulle få oppleva blåbærlia til Veslemøy, skulle elevane sjølve skriva og skildra naturen. Her er eit utdrag frå teksten som barna i A-klassen laga:

Ramnen ruger i ramnereiret
Ulven ular uti utmarka
Haren hoppar over heile Høg-Jæren
Reven ruslar i ramnens rike
Bjørnen brummar i blåbærli
Sjå, der kjem ku og sau og Veslemøy.