Spørjeord-dikt

Barnebursdag Grå
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

Dette vesle diktet inneheld orda kvenkvarkvakvifor og korleis, og det kan dermed nyttast som ein del av arbeidet med nynorske spørjeord.

Kven luskar i gangen?

Kven luskar i gangen?
Kvar er dei på veg?

No opnar dei døra.
Kva vil dei med meg?

Og kvifor syng alle
ein song så høg og fin?

Korleis kunne eg gløyma?
Det er bursdagen min!

Stripe

Fargelegging

PDF-en med utgåva utan gråtonar er fin å fargeleggja.

Barnebursdag Fargelegging Nett
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen. Fargar: Liv (7 år)