Litteratur

Det er viktig med mykje og variert språkleg innputt, om ein skal lære eit språk. Å lese og bli lesen høgt for på nynorsk legg eit godt grunnlag for å utforske skriftspråket sjølv. I litteraturen møter elevane ord og setningar som dei ikkje møter i det munnlege språket. Dessutan er bokverda rik på opplevingar ein elles ikkje får ta del i, og her finn du tips til korleis de kan jobbe med nynorsk litteratur i klasserommet. 

Boktipshefte5Til7Kvadrat
Gode nynorskbøker for 5.–7. trinn

I dette heftet finn du tips om gode, aktuelle bøker for 5.–7. trinn.

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Tidfortilogo
Tid for ti

Tid for ti er ein gratis, nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Utdrag frå ti nynorske bøker ligg ute både som lydfiler og tekst, og det finst oppgåver til alle utdraga.

Tidfortidbok
Bok i bruk for 5.–7. trinn

Oversyn på Nynorskbok.no over nynorske bøker for 5.–7. trinn som har tilhøyrande aktivitetar, opplegg eller lærarrettleiing.

Den Vaksne Mellom Boka Og Barnet
Film: Den vaksne mellom boka og barnet

Er du komfortabel med å lese høgt for elevane? Hege Holmquist Synnes gjev nokre døme på korleis ein kan lese høgt for elevar på mellomsteget.

Mellomtrinnet Farge
Diplom

Her kan du laste ned diplom til bruk i leselystaksjonar.

Dei Tre Oksane Kvadrat
Fleirspråklege forteljingar

Å lese den same forteljinga på morsmålet og på andrespråket støttar språklæringa.

Cordelia Ikon
Teikneseriar

Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.

Framtidajr Logokvadrat
Framtida junior

Framtidajunior.no er ei nynorsk nettavis for born i alderen 9–13 år. Her finn du dagsaktuelle nyhendesaker tilpassa målgruppa, interessante kultursaker, bokmeldingar, kvissar og mykje meir. Det er også høve til å sende inn eigne bokmeldingar, meiningar eller andre tekstar til avisa.

Småtips

  • Høgtlesing i alle fag. Lån bøker på folkebiblioteket etter liste frå Nynorsksenteret. Nokre har laga ei eiga hylle i skulebiblioteket eller klasserommet for å synleggjere dei nynorske bøkene. Sjå etter tips og omtalar på www.nynorskbok.no
  • Leitelesing. Kvar gruppe får utdelt eit ark der dei skal skrive svaret på dei ulike postane. På baksida av spørsmålsarket er det eit kart over skulegarden, der kvar post er avmerkt. På leiteveggen (til dømes på skuleveggen eller på eit skur) har læraren hengt opp ulike leietrådar: Kopi frå Mat og Helse-boka, ein teikneserie, og diverse anna. Alt på nynorsk. Kort fortalt: 1) Tyde kartet. 2) Finne post med spørsmål. 3) Springe til veggen for å finne svaret – leitelese. 4) Skrive ned svaret. 5) Finne neste post, totalt 12 postar.
  • Bokprosjekt, til dømes om Keeperen og havet av Maria Parr: Høgtlesing, lese saman, lese i lærepar, lese åleine, nye ord i ordbanken, lage kollasj av staden Knert-Mathilde. Tips til andre aktuelle bøker finn du på www.nynorskbok.no
  • Bruke boka «Barnas eigne vitsar» og øve seg på å lese nynorsk tekst høgt.
  • Sjå på Odd Nordstoga sine biletbok-appar, der ein også får høyre boka bli sungen av forfattaren. Nynorskbok.no har eit oversyn over bøker som også finst som app.
  • Bruke boka God dag, Herr Jul i tida før jul. (24 små kapittel)