Å snakke saman om språk

Å utforske likskapar og skilnader mellom språk og dialekter aukar den språklege bevisstheita. Vi tek utgangspunkt i elevane sine tidlege språkerfaringar og ser på mangfaldet som finst i klasserommet. 

Snakk Saman Om Spraak
Plakat: Snakk saman om språk

Plakat med gode råd. Språkleg mangfald er ein ressurs. Løft fram erfaringane elevane har med språk og bygg vidare på dei når de skal utforske nynorsk.

Boblespraaksamtale
Språksamtalar om boblene

Teikneserieformatet er fint å starte med når ein skal snakke saman om nynorsk tekst. I dette opplegget syner vi korleis teikneserien Superheltar av Kristoffer Lindseth kan vere utgangspunkt for språksamtalar om ord som er like og ulike på bokmål og nynorsk.

Småtips til aktivitetar

  • Ha ordensreglane, vekeplanane og anna informasjonsmateriell på nynorsk. Det er med på å kvardagsleggjere det å bruke nynorsk.
  • Aktivitetsstasjonar ute og inne med quiz, leitelesing, høgtlesing, memory, leseforståing og Kahoot-quiz. Dette opplegget har blitt testa ut på 100 elevar på 5.–7. trinn. Elevane vart delte inn i grupper på rundt 16 stk., og kvar gruppe vart sett opp på ein timeplan for når dei skulle innom dei ulike stasjonane. Alle var innom fire stasjonar på ein skuledag. Opplegget kan tilpassast mindre grupper og kortare økter.
  • Ein time fast i veka til nynorskopplæring. Ein kan velje ein norsktime eller ein time i eit anna fag.
  • Biletbokprosjekt med framføring for ei klasse i småskulen (Sjå reportasje frå Finstad skole i Supernytt sitt arkiv, 24.3.2015)
  • Klasseabonnement på Norsk Barneblad.
  • Teaterbesøk med oppfølging