Skriving

Korleis eksperimentere med skriving på nynorsk? Vi tek utgangspunkt i litteratur og modelltekstar, og ser nærare på læraren si rolle som rettleiar i skriveprosessen.

Tidleg Start Med Nynorsk Kvadrat
Eksperimentere med skriving på nynorsk

Elevar med bokmål som hovudmål er ofte i liten grad fortrulege med nynorsk frå kvardagslivet. Skulen er den arenaen der dei kan møte nynorsk på ein god måte. Ein bør byrje tidleg for å utvikle både haldningar og kompetanse gjennom variert tilnærming i fleire år.

Skrivestartarikon
Skriverammer, skrivestartarar og modelltekstar

Skriverammer, skrivestartarar og modelltekstar kan hjelpe elevane med å utvikle skrivinga si.

Spaa ikon
Spå

Å lage ein nynorsk spå er ei fin, lita skriveoppgåve. Her er ein spå med fire ferdige felt og fire felt der elevane får skrive sjølve.

Fagskriving Paa Nynorsk
Fagskriving på nynorsk

Skriveopplæring kan i nokre samanhengar krevje ulike tilnærmingar alt etter om ein skriv på nynorsk eller bokmål.

Undersoking Og Fagskriving Kvadrat
Film: Undersøking og fagskriving

I denne filmen følgjer vi Erna Osland i ein skrivedag med elevar på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på bakgrunn av undersøkinga.

Tekst I Bobler
Teikneseriar

Undervisningsopplegg der tekstskaping vert kombinert med samansette tekstar. Elevane får ulike teikneseriar der teksten i originalboblene er retusjert bort. Oppgåva til elevane er å lage ei meiningsfull forteljing ved å skrive inn ny tekst på nynorsk.

Småtips

  • Klipp-og-lim-dikt. Bruk nynorsk tekst som utgangspunkt, og la elevane klippe ut ord og frasar til diktet. Gjerne i grupper på to eller tre.
  • La elevane skrive eigne brettebøker på nynorsk.
  • Skrive om ulike dyr på nynorsk, og finne informasjonen på Nynorsk Wikipedia.
  • Skrive samandrag og spørsmål i ulike emne på nynorsk. Bruk gjerne Nynorsk Wikipedia (leksikon) eller framtidajunior.no (nettavis).
  • Samle gjerne alt nynorskarbeidet til elevane i kvar sine mapper som er på skulen. Då gløymer dei ikkje att noko heime. La gjerne denne mappa vere litt ekstra forseggjord, så elevane synest det er stas å få han med heim etter skuleåret.
  • Elevane kan lage quiz ut frå nynorsketekstar i Nysgjerrigper-bladet eller Norsk barneblad. Lag både spørsmål og svar på nynorsk. Bruk spørjeorda kva, kvifor og korleis.
  • Brevveksling med skuleelevar som har nynorsk som hovudmål. Det første brevet kan gjerne vere modellert av læraren. Etter kvart frigjer elevane seg frå modellen og formar brev sjølve. Det er ein fordel om det er ein fast brevvenn til kvar elev dersom ein skal skrive fleire brev.
  • La elevane skrive eit dikt der dei vel eit tema og skriv om alle sansane. Elevane kan starte med «Ser ut som …», «Høyrest ut som …», «Luktar som …», «Smakar som …» og «Kjennest som …».
  • Alle elevane skriv det dei tenker når dei til dømes høyrer ordet sansar, på ein kvit lapp. Elevane tenkeskriv i eitt minutt, før dei knørvar lappen og stiller seg opp i to lag og kastar «snøball» på det andre laget. Dei kan kaste «snøballane» i ca 1 minutt. Læraren stoppar «snøballkastinga» og elevane tek opp ein lapp som ligg på golvet. Elevane les opp det som står på den lappen dei plukka opp frå golvet. Slik deler dei ein tanke som nokon andre har tenkt. Denne metoden kan brukast i mange ulike samanhengar der ein vil aktivere elevane. I enkelte samanhengar kan det kjennast tryggare å ikkje seie fram sine eigne meiningar, men å seie fram noko andre har tenkt.
  • Nynorske tekstar til stavskrifttrening.
  • Skrive postkort på nynorsk til venner og familie.