Undersøking og fagskriving

Dingemoen skule i Fjaler kommune har i lengre tid arbeidd systematisk med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, og som eit ledd i denne satsinga blei forfattar Erna Osland og dokkespelar Adele Duus inviterte til skulen vårsemesteret 2011 for å inspirere til fagskriving. Filmen viser korleis elevar kan arbeide med fagskriving på mellomsteget.

Skriveprosjektet har tre fasar:

  • Førearbeid: Elevane les fagboka Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland der ein får vite korleis ulike dyr søv.
  • Inspirasjons- og skrivedag: Denne dagen byrjar med at alle elevane ser dokketeaterversjonen av Sov søtt, herr Spiss. Etterpå har elevane på 5.–6. trinn skrivedag med Erna Osland medan elevane på 3.–4. trinn har drama- og skrivedag med Adele Duus.
  • Etterarbeid med skriving og laging av ei felles praktbok. Utforminga av boka skjer i samarbeid med kunstnarar frå Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.

Erna Osland, 5.–6. trinn, 16.53 minutt

I denne filmen følgjer vi Erna Osland og skrivedagen med elevane på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på bakgrunn av undersøkinga.

Faggruppe

  • Hjalmar Eiksund, Nynorsksenteret 
  • Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret 
  • Knut Åge Teigen, Snöball Film 
  • Kari Heier Nistad, rektor Dingemoen skule

Frå same skriveprosjektet

Fagskriving Duus Kvadrat
Film: Drama og fagskriving

Skodespelar Adele Duus inspirerer til fagskriving og viser døme på korleis dramaøvingar kan vere ein inngang til fagskriving for 3.–4. trinn.