Drama og fagskriving

Dingemoen skule i Fjaler kommune har i lengre tid arbeidd systematisk med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheit, og som eit ledd i denne satsinga blei forfattar Erna Osland og dokkespelar Adele Duus inviterte til skulen vårsemesteret 2011 for å inspirere til fagskriving. Filmen viser korleis elevar kan arbeide med fagskriving på barnesteget.

Skriveprosjektet har tre fasar:

  • Førearbeid: Elevane les fagboka Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland der ein får vite korleis ulike dyr søv.
  • Inspirasjons- og skrivedag: Denne dagen byrjar med at alle elevane ser dokketeaterversjonen av Sov søtt, herr Spiss. Etterpå har elevane på 5.–6. trinn skrivedag med Erna Osland medan elevane på 3.–4. trinn har drama- og skrivedag med Adele Duus.
  • Etterarbeid med skriving og laging av ei felles praktbok. Utforminga av boka skjer i samarbeid med kunstnarar frå Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.

Adele Duus, 3.–4. trinn, 13.12 minutt

Denne filmen byrjar med å vise leseførearbeidet som elevane gjorde før møtet med Adele Duus. Vi får sjå eit utdrag av dokketeateret Sov søtt, herr Spiss, og vi ser døme på korleis dramaøvingar kan vere ein inngang til fagskriving. Vi følgjer skriveprosessen fram til ferdig produkt.

Faggruppe

  • Hjalmar Eiksund, Nynorsksenteret 
  • Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret 
  • Knut Åge Teigen, Snöball Film 
  • Kari Heier Nistad, rektor Dingemoen skule

Frå same skriveprosjektet

Undersoking Og Fagskriving Kvadrat
Film: Undersøking og fagskriving

I denne filmen følgjer vi Erna Osland i ein skrivedag med elevar på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på bakgrunn av undersøkinga.