Denne oppgåva gir elevane høve til å prøve ut skriving på nynorsk gjennom avskrift, ved hjelp av skriverammer. Elevane sit saman med ein læringspartnar, og dei treng skrivesaker og ein terning. Dei trillar terningen og skriv setninga i skjemaet. Etterpå fullfører dei historia i skriveboka eller på baksida av arket. Oppgåva er inspirert av Ytre-Arna skule i Bergen.