Skriverammer for utedagbøker
Treng du idear og tips til korleis du kan bruke skriverammer som inngangsport til den første skrivinga? Denne ressursen tek utgangspunkt i tekstar som elevane skriv i samband med uteskule.
Mange skular har faste dagar med undervisning ute på 1. til 4. trinn, ofte kalla uteskule. I etterkant av uteøkta er det vanleg at elevane skriv logg og teiknar frå det dei har opplevd. Slik skriving har mange fordelar: Elevane har noko å skrive om, det er lett å tilpasse skrivinga til ulike elevar, og skrivinga kan inngå som ei første skriving av naturfagsrapportar. Men det finst også nokre fallgruver, til dømes kan skrivegleda forsvinne når elevane skriv same type tekst kvar veke. Det kan også vere at skrivinga ikkje gjev nok utfordring etter kvart som elevane vert flinkare til å skrive. Denne ressursen viser korleis ein kan variere tekstane som vert skrivne i samband med uteskule, og korleis ein kan variere og tilpasse skrivinga til ulike elevar.
Ulike medium
Utedagbøker kan ein skrive på mange måtar. Variasjon er viktig, så skriving bør skje både på papir og digitalt. Det er ofte samhandlinga rundt skrivinga som avgjer kvaliteten på undervisninga (Øvereng et al., 2022). Ulike appar og program som til dømes Book Creator eller Word er vanlege i skulen og kan godt nyttast til utedagbok. I nokre program, som One-Note og Book Creator, kan elevane kombinere skrift, lyd og foto, gjerne foto dei har teke ute. Det er spanande når elevane sjølve, gjerne fleire saman, tek bilete av viktige ting frå uteskulen. Samarbeid kring tekstane kan også føre til gode skrivesituasjonar.
Når elevane skal skrive nynorsk digitalt, må læraren sikre seg at språkinnstillingane er rette og at programmet eller appen som støttar nynorsk. Då slepp ein raude strek under nynorske ord, som kan vere forvirrande for elevar som skal etablere seg som nynorskskrivarar (Eiksund et al., 2022, s. 42,43). På sida om digitale ressursar får du mellom anna hjelp til korleis du kan få nynorsk språkinstilling på iPad, slik at program som Book Creator ikkje forsøker å rette elevtekstane til bokmål.
Mottakarmedvit og formål med teksten
Ein viktig motivasjonsfaktor for skriving er å vite kvifor det er viktig å skrive akkurat denne teksten. Snakk med elevane om kva som kan vere hensikta med å skrive tekstar i uteboka. Eit aspekt ved å ha eit tydeleg formål med teksten, er å vite kven ein skriv for. Sjølvsagt kan læraren vere ein mottakar, og ein skal skrive fordi det er ei skriveoppgåve. Men det å ha eit tydeleg formål og eit tydeleg mottakarmedvit gjev retning til tekstarbeidet (Smidt, 2011, s. 17) Kanskje kan dagbøkene nyttast i matematikk, der ein kan lage enkle statistikkar over vêr eller temperatur? Om skulen har ei heimeside, kan statistikken visast der. Lokalavisa kan også vere interessert, eller oppslagstavler på skulen. På oppslagstavler kan også tekstane sjølve visast fram. Elles kan klassekameratar, fadrar eller venskapsklasser vere mottakarar, men også foreldre kan vere gode mottakarar. Eldre elevar kan skrive for yngre, og omvendt. Kva med pensjonistlaget? Moglegheitene er mange.
Progresjon
Dei første tekstane elevane skriv i utedagbøkene sine, har ofte berre ei overskrift og ei teikning. Mange elevar vil nok trenge hjelp til å skrive overskrifta også. Elevane kan kopiere frå lappar eller frå tavla. Det kan vere lurt at læraren modellerer korleis ein kan skrive tekstar til utedagbok, til dømes kan læraren og elevane skrive tekst i lag på storskjerm. Læraren kan også vise fram arbeid frå tidlegare elevar, og samtale med klassa om kvalitetar ved slike tekstar. Ein slik samtale rundt skrivinga kan også ta utgangspunkt i tekstar som elevane har skrive tidlegare. Ganske unge elevar greier å sjå utviklingspunkt og kvalitetar med medelevane sine tekstar. Elevane vert også inspirerte av kvarandre.
Ordbankar kan også vere til god hjelp. Elevane skal etter kvart ta i bruk eit fagspråk, og det å skrive nokre viktige ord på tavla kan også vere ei støtte for elevane. Om ein studerer fuglar på utedagen, kan ord som reir, vadefugl eller trekkfugl, vere døme på nyttige omgrep å øve på. Ein god måte å knyte saman teikning og fagord kan vere å setje piler mellom orda og teikninga. Dette er også eit typisk trekk ved naturfaglege tekstar.
Men ikkje berre fagord er nyttige. Det er også nyttig at læraren viser fram høgfrekvente ord som skil seg ut frå bokmål og talemål, som til dømes eg, ikkje, raud, ein, ei eller eit. Det kan hjelpe elevane med å tileigne seg eit korrekt skriftspråk.
Skrivinga byrjar ofte med ord som namn på stadar eller temaord. Stikkord eller spørsmål frå læraren er fine måtar å utvide skrivinga på. På denne måten kan ord verte utvida til setningar, og etter kvart heile tekstar. Læraren kan gje elevane enkle skrivetips. Flinke lesarar kan få meir komplekse oppgåver.
I tabellen nedanfor finn du ulike stikkord og skriveutfordringar som du kan variere og utvide etter kvart. Ulike kombinasjonar av både skrift og teikning kan gjere det lettare å finne akkurat den rette utfordringa til den enkelte eleven. Dei første punkta som elevane kan ta med, kan til dømes vere:
- Overskrift: Kvar har vi vore? Kva var viktig? Kva var kjekt?
- Dato/dag/månad:
- Eg lærte / eg leika / eg hugsar best:
- Teikningar og foto. Det er spanande når elevane sjølve tek bilete av viktige ting frå uteskulen!
Seinare kan dette utvidast og gjerne varierast etter temaet for utedagen:
- Temperatur:
- Vêret:
- Kva årstid var det?
- Kva leika eg?
- Kven leika eg med?
- Kva åt eg?
- Viktige ord:
Etter kvart kan ein styre tekstane etter tema. Naturfagsrapport (sjå til dømes https://skrivesenteret.no/ressurs/elevens-naturfagrapport-som-eksempeltekst/) kan vere ein grei sjanger å sikte seg inn mot:
- Tre ting eg såg/høyrde/lukta – tre ting eg observerte
- Eg høyrde
- Eg såg
- Eg la merke til
- Eg undra på
- Fem ord eg tenkjer på når eg skal hugse denne dagen:
- Eg vil finne ut meir om – eg vil forske på:
Ein kan også bruke utedagboka til meir skjønnlitterære tekstar:
- Ei historie eg har dikta opp
- Eit dikt frå dagen
- Fortel kva du opplevde
- Eit fantasibilete
Hugs at malane skal vere til hjelp, ikkje ei tvangstrøye.
Om malane
Nedanfor finn du fire malar.
Den første er tenkt til dei aller første utedagbøkene på 1. og 2. trinn, og er sett saman av ei overskrift og ei teikning:
Skriveramme 1 (docx)
Den neste malen er i A3 for å få god plass til dei første bokstavane. Teikningane gjev inspirasjon, og ein elev som skriv sakte, eller lite, kan oppleve at sida vert raskare ferdig. Det er mogleg både å skrive og teikne i rutene.
Den tredje malen er berre «reine» boksar. Her kan ein også lage hjelpelinjer om ein vil øve på formskrift. Læraren kan òg gje skriveutfordringar inne i boksane før han trykkjer opp arka. Det er fullt mogleg å ha malar med ulike skriveutfordringar til ulike elevar, og kanskje også tomme malar for elevar som treng ei utfordring.
Den siste malen er meir som ei hugseliste over kva som skal/kan vere med i uteboka. Desse stikkorda varierer sjølvsagt etter tid og tema. I 4. klasse er det kanskje ikkje naudsynt med ruter og malar, då kan elevane utforme boka sjølv:
Skriveramme 4 (docx)
Litteratur
- Skrivesenteret (2022, 25.august) Sirkelen for undervisning og læring https://skrivesenteret.no/ressurs/sirkelen-for-undervisning-og-laering-3/
- Eiksund, H., Juuhl, G. K., & Sjøhelle, K. K. (2022). Nynorskdidaktikk. Samlaget.
- Smidt, J. (2011). Ti teser om skriving i alle fag. I J. Smidt, R. Solheim, & A. J. Aasen (Red.), På sporet av god leseopplæring—Ei bok for lærere i alle fag (s. 9–41). Tapir Akademisk Forlag.
- Øvereng, L. K. B., Skaftun, A., & Gamlem, S. M. (2022). Nettbrett i literacypraksisar i førsteklasserom med høg kvalitet i lærar–elev-interaksjonar. Nordic Journal of Literacy Research, 8 (2), 106–124. https://doi.org/10.23865/njlr.v8.3903