Framtidajunior.no – arbeid med nettavis for born
Framtidajunior.no er ei nynorsk nettavis for born i alderen 9–13 år. Her finn du dagsaktuelle nyhendesaker tilpassa målgruppa, interessante kultursaker, bokmeldingar, kvissar og mykje meir. Det er også høve til å sende inn eigne bokmeldingar, meiningar eller andre tekstar til avisa.
Å bruke nettavis i undervisinga går naturleg inn i fleire fag, både norsk, samfunnsfag og naturfag, og er tett knytt til fleire av kjerneelementa i læreplanen: tekst i kontekst, kritisk tilnærming til tekst og språkleg mangfald (LK20). I norskfaget skal elevane orientere seg i faglege kjelder, også digitale, og dei skal øve seg i lesestrategiar tilpassa føremålet.
I samfunnsfag skal elevane mellom anna utvikle kompetanse når dei bruker digitale verktøy og digital dømmekraft i arbeid med faget (LK20).
Oppgåver knytte til tema i nettavisa
Framtidajunior.no får stadig nye tekstar, men tekstane som ikkje lenger ligg på framsida, finn du i arkivet. Oppgåvene i denne ressursen er såpass generelle at du som er lærar kan tilpasse dei til andre saker og emne du vil jobbe med.
Å lese og reflektere rundt dei samansette tekstane i nettavisa er viktig i seg sjølv. I tillegg ønskjer vi å løfte fram Framtidajunior.no som eit utgangspunkt for skriveaktivitetar, både for elevar med nynorsk og bokmål som hovudmål.
- Fordi det er meiningsfullt å skrive om noko som opptek ein
- Fordi det er meiningsfullt å skrive til ein mottakar
- Lett å lese, lett å skrive: nettavistekstar med bilete til er ein god igangsetjar for å skrive liknande tekstar
Framtida junior har utarbeidd eigne lærarsider for avisa: