Kultur

Her finn du framlegg til arbeidsmåtar og oppgåver til kulturstoffet på framtidajunior.no.

Fleire måtar å arbeide med kulturstoff

  • Sjå på framtidajunior.no, klikk deg inn på emnet kultur. Gå nedover framsida og sjå kor mange ulike typar saker og tema som kjem i denne kategorien. Snakk om kva omgrepet «kultur» tyder.
    • Miljøsaker
    • Menneske som har ei historie å fortelje
    • Musikk, film og TV
    • Bokmeldingar
    • Historie
    • Sport
  • Be elevane finne ei kultursak med eit emne som opptek dei. Dei kan presentere artikkelen for dei andre i klassen, og seie noko om kvifor dei valde nettopp denne saka.
  • Lag ei veggavis med kultursaker elevane er opptekne av. Dei kan finne saker på Framtida junior, i lokalavisa eller skrive saker sjølve.
  • Vel ut ei kultursak som handlar om eit nasjonalt eller internasjonalt emne. Lat elevane bruke denne som utgangspunkt for å lage ei sak om korleis situasjonen er der dei bur. Kanskje må dei intervjue nokon. Her er to døme på slike saker: 
  • Dersom ei av sakene elevane skriv sjølv er så god at ho kan vere interessant for andre, kan de sende ho inn til Framtida junior og spørje om dei kan publisere saka. Send også med fotografi.