Rolleskriving: Klovnar i Malawi

Klovnar
Foto henta frå Framtida junior

Bruk teksten om klovnar som spreier glede for born i Malawi: Klovnar skal spreie glede i eit av verdas fattigaste land. Slike klovnar finn vi også på somme sjukehus i Noreg.

Skrivebestilling: Du er ein klovn som har hatt eit oppdrag enten i ein flyktningleir i Hellas eller Malawi, eller på eit sjukehus i Noreg. Skriv enten eit lesarinnlegg i lokalavisa, eit dagbokinnlegg for din eigen del eller eit postkort til ein venn eller ein familiemedlem heime om korleis dagen din har vore, og om nokre av borna du møtte i arbeidet ditt som klovn.

På sida til Skrivesenteret finn du skriverammer for debattartikkel, med forslag til tekstbindarar: Rammer for skriving